Ny bok om det DDR var


Fyrsteamanuensis Benedikt Jager ved Universitetet i Stavanger har saman med fyrstelektor Jon Raundalen ved NTNU samla kultur- og kvardagshistoria til DDR mellom to permar.

Symbola frå Aust-Tyskland er tilstades overalt den i tyske hovudstaden Berlin. Men i dag er dei aller mest synlege i suvenirindustrien, som bruker dei gamle symbola og kulturuttrykka på t-skjorte, krus, fluktstolar og mykje meir. Eit av dei mest brukte symbola er den karakteristiske grøne mannen frå trafikklysa, den såkalla Ampfelmannen. Du kan også reise på Trabant-safari i Berlins gater.

Jon Blund
I Noreg kjenner me den austtyske barne-tv-figuren Jon Blund som vart vist fram av Tøfflus i Skomakargata. Etter att muren fall 9. november 1989, vart det sagt at den søvndyssande eventyrfiguren i røynda var ein kommunistisk propagandafigur som skulle vise fram den teknologiske utviklinga i landet.

Med få unnatak har den siste tidas bøker og filmar om DDR anten einsidig retta søkjelyset mot Stasi og undertrykkingsapparatet, eller dyrka DDR-kvardagens særpreg i det pyntande lyset som har fått namnet Ostalgie. Boka " DDR - Det det var. Østtysk kultur- og hverdagshistorie" undersøkjer det store og interessante området mellom desse ytterpunkta.

- Meir nyansert
- DDR skildrast i dag ganske svart-kvitt. Anten blir det lagt vekt på det ostalgiske, der alt var hyggeleg, eller så skildrast det totalitære. Verkelegheita var langt meir nyansert. Dei austtyske arbeidarane hadde til dømes ein viss påverknad på sitt eige lønnsnivå, har det vist seg. Men den strenge sensuren førde til at ingen kunne seie eller skrive dette, fortel Jager.

DDR eksisterte i 40 år. Dei17 millionar innbyggjarane i republikken levde sine liv og gjorde det beste dei kunne ut av situasjonen.

Den nye boka inneheld bidrag frå ei rekkje norske og tyske forfattarar med ekspertise på ulike sider ved DDR Gjennom kapittel om blant annan biletkunst, teater, film, litteratur og musikkliv, og kapittel med perspektiv på forbruk, oppvokster, kjønnsrelasjonar og idretten si tyding i samfunnet, blir lesaren teken med på ei reise gjennom kulturen og kvardagshistoria til DDR som aldri før har vore tilbode på norsk. Den fortel også om westernfilmen og humoren si rolle i DDR.

Kamp mot sensur
- Sjølvsagt var DDR eit diktatur og me har ikkje ynskt å teie dette i hel. Historia om Aust-Tyskland er ei spennande historie om eit folk som kjemper for overbevisinga si igjen og igjen. Det var sjølvsagt frustrerande og utmattande for ein forfattar å måtte vente i 10-15 år på å få gitt ut ei bok grunna den strenge sensuren. Likevel hadde nokre forfattarar på 1970-talet greie kår og kunne reise ut av landet, fortel han.

Jager har tidlegare skrive om korleis norsk litteratur vart lest i Aust-Tyskland. Her finn vi mellom anna Kielland og Lie, som var plukka ut fordi styresmaktene meinte at forfattarane var gode ideologiske førebilete.

Bokutgivinga vart markert med eit seminar på Nasjonalbiblioteket i Oslo i førre veke.
 


Sist oppdatert av (09.11.2009)

Skriv ut artikkel print symbol