Er alder eller evne viktigast?


Korleis skal vi halde seniorane i arbeid lengst mogleg? Og blir tilsette dømde meir ut frå alder enn evne? Slike spørsmål blir diskutert på eit nordisk seminar ved Universitetet i Stavanger 18. november.

Det blir fleire eldre og færre yngre i samfunnet. I EU 25 vil det bli 16 prosent fleire innbyggjarar i alderen 55-64 år i perioden 2011-2030. Samtidig kjem aldersgruppa 15–24 år til å bli redusert med 12 prosent. Det inneber at alle arbeidsgjevarar kjem til å bli stadig meir avhengige av å produsere og effektivisere sine verksemder med arbeidstakarar i godt voksen alder.

Mange faktorar speler inn når ein skal søke å halde seniorane i arbeid så lenge som mogleg. Å finne svar på dette er derfor eit viktig forskingstema.

Forska siden 90-talet
Det er organisasjonen Nordiska Institutionen för Vidareutbildning inom Arbetsmiljöområdet (NIVA) som står bak arrangementet. NIVA er oppretta av Nordisk ministerråd og har i desse dagar ein seminarturné i dei nordiske landa.

Seminaret i Noreg er lagd til Universitetet i Stavanger, på grunn av forskingsmiljøet ved Norsk Hotellhøgskole.

– Vi har vore involvert i temaet sidan 1990-talet. Trude Furnes tok den første doktorgraden i Norden på alder og arbeid. For tida deltek vi i fleire forskingsprosjekt på området, seier professor Reidar J. Mykletun.

Medverknad
Det internasjonale dagseminaret har tittelen ”Ageing. Does Age Matter more than Work Ability in Extending Work Careers?” Søkjelyset blir retta både mot den einskilde medarbeidaren si arbeidsevne og føresetnader for å oppretthalde og forbetre arbeidsevna med aukande alder.

Deltakarane skal diskutera medverknad i arbeidslivet for aldersgruppa 55+ blir i lys av utviklinga i arbeidslivet og i arbeidsmarknaden. Leiing av seniorar (”age management” eller ”aldersriktig leiing”) blir også drøfta.

Verksemdene Aker Solutions og Sandnes kommune presenterer praktiske døme. Eit foredrag klargjer rollane dei ulike partane i arbeidslivet kan og bør ta for at den gjennomsnittlege avgangsalderen skal auke.

Nyttig for HMS-ansvarlege
Ikkje minst kjem Juhani Ilmarinen, professor emeritus ved det finske arbeidsforskingsinstituttet, til Stavanger. Han er kanskje den største eksperten på eldre arbeidstakarar i Norden.

Seminaret retter seg spesielt mot leiarar, personal- og HMS-ansvarlege i alle verksemder. Påmeldingsfristen er 11. november.

Lekkje til NIVA sine heimesider
Direktelekkje til registrering her
Programmet i pdf-versjon (48 kb)
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (30.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol