Storslått femårsdag for UiS


Torsdag 29. oktober feira Universitetet i Stavanger femårsdagen for si status som universitet.

”Fødselsdagen” blei feira med taler, song, musikk og ærevisingar i Tjodhallen. Den første gratulasjonen kom frå ei gruppe born frå Studentsamskipnadens barnehage. Borna, som sjølv er fem år gamle, song bursdagssongen for det unge universitetet.

Mange bidrag
Rektor Aslaug Mikkelsen tok i si tale føre seg noko av det universitetet har bidrege med i desse fem åra:

  • UiS satsar på forsking både på auka utvinning av olje og reinare energi.
  • Økonomane har mellom anna levert forsking som kan hjelpe Noregs Bank med å sjå framover i den økonomiske utviklinga.
  • Spesialistane i risikostyring og samfunnstryggleik på senteret SEROS gjer sitt for å gjere verda til ein mindre farleg stad.
  • Forskarar ved UiS byggjer mellomkulturell forståing ved å forske på kva forhold ungdom i ulike land har til religion.
  • Helseforskarar studerer korleis pasientar meistrar sjukdomane sine, noko som kan vere til hjelp for andre.

Ein diamant
Dette var bare nokre av eksempla Mikkelsen drog fram. Ho la vekt på at samfunnsproblema er globale og at Universitetet i Stavanger skal halde fram med å ta utfordringar frå verda.

Studentane helsa òg institusjonen med ei eiga tale. Leiaren av StOr, Gunnar Dyrseth, takka alle som jobba i 40 år for å skape det som i dag er ein arbeidsplass å vere glad i.

- Universitetet er blitt vår stolte diamant, midt i Rogaland, bygget på vårt initiativ til bruk for heile Noregs befolkning, sa Dyrseth. Han nytta også høvet til å oppfordra studentane til å vere kritise og engasjere seg.

Hilsen frå framtida
Astrofysikar, forfattar og bloggar Eirik Newth var dagens hovudtalar. Han såg inn i framtida og heldt tala si som om det var 50-årsdagen til universitetet. Om 45 år er UiS blitt ei av dei store suksesshistoriene, hevda Newth.

Frå sitt observasjonspunkt i framtida såg han tilbake på den store eksplosjonen av universitet over heile landet i 2020-åra. Universitetet i Snåsa konkurrerte med Universitetet på Senja om studentane. Det låg eit universitet på kvart eit nes i Noreg, men det kunne ikkje vare.

Universitetet i Stavanger fekk suksess på grunn av fleire ting, blant anna hellet ved å liggje i ei av dei to megaregionane i Noreg – Osloregionen og Vestlandsregionen. I tillegg hadde Stavanger-regionen klart overgangen til nullutslepp-samfunnet etter oljekrisa i 2035.

Ut av uføret
Noreg hadde kjørt for hardt og lenge på olje og nekta å ta varselsignala alvorleg. For mange samfunnsinstitusjonar var bundne opp i petroleumsøkonomien. Det var universitetet som fikk oppgåva å finne vegen ut av uføret og over i nullutslippsamfunnet. Universitetet i Stavanger tok oppgåva.

– Eg er elles nøgd med at universitetet no etablerer Institutt for holistisk systemvitskap, sa Eirik Newth i si kreative helsing frå framtida.

Rørt Jervell
Størst applaus fekk likevel Jacob Jervell då han blei utnemnd til æresdoktor ved UiS. Heile Tjodhallen reiste seg og klappa i hendene for 84-åringen. Jervell, som er tidlegare styremedlem ved Høgskolen i Stavanger, blei rørt av ærevisinga.

- Å bli æresdoktor er naturlegvis alltid ei ære, men når ho kjem frå Universitetet i Stavanger teller den dobbelt, sa Jervell.

Teologen var overraska over at eit universitet som er spesialistar på petroleum av alle ting skulle velje ein teolog til æresdoktor.

- Eg trur ikkje dei på fakultetet veit kva dei har sett i gang. Ein æresdoktor har rett til å halde forelesingar. Så no kjem eg til å halde to forelesingar i veka om Jesus, bare så de veit det, sa Jervell.

- Ikkje fem år
Han er opphavleg frå Stavanger og sa i takketala at byen no ligg i den mest innovative regionen i Noreg. Jervell meiner at Universitetet i Stavanger er det første som har oppretta seg sjølve.

- Dette er ikkje noko femårsjubileum. Allereie i 1997 fungerte Høgskolen i Stavanger som eit universitet. Det departementet gjorde for fem år sidan, var ikkje anna enn å konstatere at det hadde vakse fram eit universitet i Stavanger. Eg følgjer med på forsking og ser at UiS ligg framfor dei andre på mange felt, sa Jervell.

19 nye doktorar
Seremonien i Tjodhallen inneheldt òg høgtideleg utnemning av 19 nye doktorar.

Eit jazzband frå Institutt for musikk og dans stod for svingande musikkinnslag.

Salen var fylt av studentar, tilsette og gjester, som etter seremonien feira med kaffi og fødselsdagskake.

Du kan laste ned rektor Aslaug Mikkelsens tale her

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (18.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Femåringar med norske flagg syng bursdagssong på scenen i Tjodhallen
Femåringar frå Studentsamskipnadens barnehage sang bursdagssang for UiS.
Bilete av Eirik Newth på talarstolen
Astrofysikar Eirik Newth var hovudtalar på årsfesten til UiS 2009.