Lydopptak av Kjersti Viks bokpresentasjon


Kjersti Vik presenterte sin debutroman "Mandø" på tysdag, i samtale med førsteamanuensis Atle Skaftun. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av den, eller vil høyra den om att, er dette no mogleg.

Bokpresentasjonen til Kjersti Vik på tysdag (27. oktober) vart ei underhaldande oppleving. Vik presenterte sin debutroman "Mandø", utgjeven på Aschehoug. Ho hadde ein samtale med førsteamanuesis Atle Skaftun om romanen, og leste utvalde avsnitt som vart godt mottekne av publikum. Ho viste også fram bilde frå Mandø med passande musikk, men dette er dessverre ikke så lett å få med i eit lydopptak.

Mandø handlar om sju ungdommar sin noko mislykka haustferie på den danske tidehavsøya Mandø. Dei fordriv tida med små maktkampar og intrigar, og med å utfordra naturkreftene med liv og helse som innsats. Den fastbuande Claus og deira forhold til han kjem til å spela ei viktig rolle i romanen, spesielt forholdet mellom han og Maja. Uskuldstap er eit sentralt tema.

Romanen har fått gode kritikkar i fleire sentrale norske aviser, mellom andre Vårt Land og Bergens Tidende. Den skal også omsetjast til dansk.



Dersom du ikkje fekk med deg denne seansen, eller dersom du var til stades og vil høyre det om att, er det no mogleg. Du kan høyre presentasjonen på datamaskina di ved å klikke på lenkja under og vidare på "Vik.mp3". Presentasjonen varer i ca. 32 minuttar.

Dersom du ønskjer å laste ned presentasjonen, og til dømes laste den over på ein Mp3-spelar eller brenne den på ein CD, kan du høgreklikke på "Vik.mp3" og velge "Lagre mål som". Då blir fila lagra på maskina di, og du kan høyre ho slik det passar deg. Fila er på ca. 29 MB.



HØYR KJERSTI VIK SIN BOKPRESENTASJON HER


På denne sida er det mogleg å abonnere på bokpresentasjonar som RSS. Klikk på "Abonner på denne feeden" øverst på sida dersom du ønskjer det.

Som du vil sjå ligg også tidlegare bokpresentasjonar her, så du kan også få med deg dei dersom du ønskjer det.


Sist oppdatert av John David Didriksen (29.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol