Nytt frå styremøtet 21. oktober 2009


Universitetet i Stavanger hadde styremøte i går. Her er kort referat frå dei viktigaste sakene som vart behandla.

Etablering av nye fag ved UiS
Den styresaka som det knytte seg mest merksemd til, var forslag til vedtak om etablering av nye studieprogram frå hausten 2010 og med den konsekvens at andre studieprogram vert nedlagde (US 102/09). Det var òg denne saka som styret brukte mest tid på å behandle under gårsdagens styremøte.

Punkt 2 i denne saka omhandla fagetableringar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Her vart eit nytt bachelorprogram i sosiologi og statsvitskap på kostnad av bachelorprogrammet i samfunnsfag med personalleiing diskutert. Dekan Marit Boyesen forklarte bakgrunnen for nyetableringa:

– Dette er i tråd med universitetets mål om å utvikle fleire disiplinfag og såleis styrkje valfridomen åt studentane. Det er ein studiemodell som vil gje betre integrasjon mellom våre eigne studium på fakultetet og andre studium på universitetet, sa Boyesen.

Studentrepresentant Marit Kvamme kom med forslag om at styret måtte utsetje dette punktet i saka på grunn av manglande studentmedverknad og manglande framlegg frå fakultetet si side om vurdering av dei økonomiske konsekvensane. Kvamme undra seg også over kvifor eit populært studie som samfunnsfag med personalleiing skulle leggjast ned.

Boyesen påpeikte at sjølv om faget var populært, så var ikkje studentgjennomstrauminga tilfredsstillande.

Opprettinga av bachelorprogrammet i sosiologi og statsvitskap og den tilhøyrande nedlegginga av samfunnsfag med personalleiing, vart einstemmig vedteke utsett til novembermøtet.

Elles vart punkt 1 og punkt 3 i styresaka 102/09 vedteke med nokre merknadar, samt etablering av masterprogrammet i helsefag under punkt 2. Det vil seie at følgjande nye studieprogram er etablert ved Universitetet i Stavanger:

– International Master Program in Petroleum Geosciences Engineering (einstemmig vedteke)
– Masterprogram i teknologi, Berekraftig energiteknologi (vedteke med 9 stemmer mot 2 stemmer)
– Masterprogram i helsevitskap (einstemmig vedteke)
– Adjunkt- og lektorprogram i humanistiske fag (einstemmig vedteke)

Nullopptak
I sak om opptaksrammer og regulering av tilgang til studiar ved UiS studieåret 2010/2011 (U103/09) vart punkt 1, 2 og 3 vedteke einstemmig, og opptaket hausten 2010 vert slik det går fram av den vedlagte tabellen i styrepapirene (sjå alle vedlegg i tidlegare sak).

Ressursdirektør John Møst forklarte bakgrunnen for forslaget om nullopptak hausten 2010, som er gjort i samråd med fakulteta.

– Hovudproblemet er at vi har for høg aktivitet på UiS sett i samanheng med ressursane vi har til disposisjon. Det som ligg til grunn for kva fag vi har gjort framlegg om nullopptak i, er grad av gjennomføringsgrad. I enkelte fag er talet på studentar som fullfører ein bachelor, svært låg. Difor kan det vere på sin plass å fase ut nokre fag. Det er fakulteta sjølve som må sjå på dette, sa Møst.

I tillegg vart tilsetterepresentant Bjørn K. Nicolaysens to tilleggsforslag (punkt 4 og punkt 5) også vedteke einstemmig:

Punkt 4: Styret føreset at fagmiljøa og einingane som forvaltar studieprogram som i år blir nullstilte, legg fram planar for omstilling og reintegrering av desse faga i studieprogram, i samanheng med neste års behandling av studentopptaket, dersom faga ikkje skal utfasast.

Punkt 5: Styret vil sjå utviklinga i fleire fag, særskilt matematikk, fransk og religionsstudium, i samband med planar om samarbeid med andre institusjonar.

Prorektor Egil Gabrielsen tok òg til orde for å sjå ting i heilskap:

– Når vi no har vedteke lektorprogrammet er det ikkje heldig å leggje ned fag som gjer dette lektorprogrammet mindre attraktivt for studentane.

Når det gjaldt sak om revisjon av retningsliner for utgreiing, godkjenning, etablering, nedlegging og revisjon av studiar ved Universitetet i Stavanger (US 104/09) fekk styret skryt av jobben som har vorte gjort, og begge punkta i vedtaket vart einstemmig vedteke. Resten av sakene på styremøtet 21. november vart vedteke med mindre endringar.

Leiing og arbeidsklima
I saka om leiing av Universitetet i Stavanger (US 101/09) har eit utval gått gjennom eit utkast til stillingsinstruks for dagleg leiing ved UiS som vart lagt fram i førre styremøte. Dei kom no med eit forslag til rolleavklaring og ansvarsfordeling mellom styret, rektor, direktør og dekanar/museumsdirektør. Her inngår blant anna at rektor avgjer i saker i det omfang desse ikkje kan utsetjast til styret kan kome saman i møte. Rektor kan òg få fullmakt til å avgjere saker dersom dei bør avgjerast før neste ordinære styremøte, og som ikkje er viktige nok til at eit ekstraordinært møte blir kalla inn.

I framlegget til stillingsinstruksar inngår vidare at dekanane/museumsdirektøren har eit sjølvstendig ansvar for å fremje fagleg-strategisk arbeid og forbetringar av organisasjonen. Her inngår òg at dekanane/museumsdirektøren har ansvar for å sette i verk vedtak fatta av styret.

Styret vedtok utvalets utkast til stillingsinstruksar einstemmig.

Universitetsdirektøren hadde laga eit punkt 2 til endringar på to punkt i det framlagde forslaget. Eit av dei var at rektor kan etter tilslutning i styret delegere vidare beslutningsfullmakt, men at rektor er sjølv ansvarleg overfor styret i dei sakene som blir behandla mellom styremøtene. Direktørens to forslag fekk ikkje tilslutning i styret.

Mot slutten fekk styret ei utgreiing om oppfølging av medarbeiderundersøkelsen og tiltak for utvikling av arbeidsklima. Rektor Aslaug Mikkelsen var ein av dei som tok ordet under behandlinga av saken. Ho peika på kor viktig dette arbeidet er, og ho hadde tru på at UiS skal jobbe godt med å betre arbeidsklimaet.

– Eg forventar at alle leiarar på alle nivå setter inn passande tiltak for å rydde bort ukultur som finst ved UiS, sa Mikkelsen.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (22.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol