Fem fekk ph.d.-graden


Styret ved Universitetet i Stavanger gav i dag ph.d.-graden til fem tilsette. Fagområda deira spenner frå psykiske problem til flavonoidar.

Tre av dei nye doktorane høyrer til Samfunnsvitskapleg fakultet. Anne Lise Holm disputerte i haust med avhandlinga ”The meaning of emotional pain. Analytic interpretative research on women’s experiences of mental health problems”.
Ingunn Studsrød fekk sin ph.d.-grad på bakgrunn av studien ”Perceptions of socialization practices of parents, teachers and peers in reports of school adjustment in upper secondary school”.
Den tredje samfunnsforskaren som blei kreert til ph.d., er Espen Olsen. Han disputerte med avhandlinga ”Safety climate and safety culture in health care and the petroleum industry: Psychometric quality, longitudinal change, and structural models”.

Enzym og olje
Dei to siste ph.d.-kandidatane høyrer til Teknisk-naturvitskapleg fakultet. Kristine Marie Olsens doktorgradsarbeid har tittelen “Regulation of flavonoid metabolism by environmental factors, especially nitrogen and temperature – a closer look at key enzymes in the flavonoid pathways of rabidopsis thaliana and Solanum lycopersicum”.
Edwin A. Chukwudeme fekk sin ph.d.-tittel for avhandlinga “Investigating the Factors Influencing Recovery of Asphaltenic Oil by Water and Miscible CO2 Flooding”.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (21.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol