Vellukka konsert i Bjergsted hjelper 200 personar


Tysdag hadde studentar og tilsette ved Institutt for musikk og dans konsert for å samle inn pengar til TV-aksjonen. Nå får 200 nye personar hjelp.

For fjerde år på rad arrangerte denne veka Institutt for musikk og dans (IMD) konsert til innetekt for TV-aksjonen. Sjølve konserten var gratis, men tilhøyrarane kunne leggje pengar på bøsser eller setje gåver inn på konto etterpå. Og det gjorde dei. Monnaleg.

10 000 kroner
Etter konserten kunne byaksjonsleiar i Stavanger, Katrin Waage, gle seg over nesten 10 000 kroner til hjelpeorganisasjonen CARE. CARE jobbar spesielt mot jenter og kvinner, for dei rammast ofte hardare av fattigdom, naud og diskriminering. Samstundes viser det seg at kvinner bruker meir av det dei har til å hjelpe andre enn menn gjer.

- Me har fått nok midlar til å starte opp to nye spare- og lånegrupper. Me reknar i snitt at det er 20 kvinner i kvar gruppe, og at kvar av dei hjelper fem personar. Eit enkelt reknestykke syner då at 200 menneske kan dra nytte av pengane frå konserten, seier Katrin Waage.

Herleg stemning
Byaksjonsleiaren skrøyter av kvelden, og retter ei stor takk til Gisela Herb, fyrsteamanuensis ved IMD.

- Før konserten var det ei herleg og forventingsfull stemning i foajeen, og etterpå såg alle ut til å vere nøgde. Blandinga av unge og erfarne utøvarar er eit veldig bra konsept, meiner Waage.

For konserten gav ein fin miks av ungdommar frå talentutviklingsprogrammet ”Unge musikere”, studentar og tilsette ved UiS. Og ikkje minst fekk publikum oppleve den verdskjende sopranen Elizabeth Norberg-Schulz. Gisela Herb er svært glad for at ho ville vere med, og er godt nøgd med samansetjinga på programmet.

- Dersom folk vil vere med neste år og, gjer med det gjerne igjen, seier Herb.

 


Sist oppdatert av (15.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol