100 stipendiatar på TN-fakultetet


Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet har nå meir enn 100 doktorgradsstudentar. – Det er gledeleg for fakultetet, seier prodekan for forsking, professor John Håkon Husøy.

 Det er særleg i dei siste åra at fakultetet har merka veksten.

- Det har vore svært stor vekst i talet på doktorgradsstudentar i dei siste 6-7 åra, seier John Håkon Husøy. Dette er eit resultat av auken i talet på eigne doktorgradsprogram, og heng òg sjølvsagt saman med statusen som universitet frå 2005.

I dag kan fakultetet tilby doktorgradsprogram i petroleumsteknologi, offshoreteknologi, informasjonsteknologi, risikostyring og samfunnssikkerhet og biologisk kjemi.  Det var i 1999 at dei første doktorgradsprogramma i petroleumsteknologi og offshoreteknologi blei etablerte.

- Veksten har òg samanheng med at fleire stipendiatar blir finansierte av Noregs forskingsråd og samarbeidspartnarar i næringsliv og forvaltning, seier Husøy. Det høge talet på stipendiatar reflekterer òg det auka omfanget av forskingsaktivitetar på fakultetet.

Stor auke

Saman med andre norske høgre utdanningsinstitusjonar med doktorgradsprogram i teknologi og naturvitskap, har fakultet svært stor auke i antal stipendiatar som har basisutdanninga si frå utlandet. Til ei stipendiatstilling i petroleumsteknologi som nyleg blei lyst ut, hadde berre ein av 96 søkjarar norsk mastergrad, og det var berre tre søkjarar med utdanningsbakgrunn frå EØS-land.

- Det er viktig for oss framover at doktorgradsutdanning blir attraktiv for masterkandidatar som er utdanna i Noreg. Det betyr at vi må gjera doktorgradsprogramma til institusjonen attraktive i heimemarknaden. Vi må i større grad få eignemasterstudentar over på doktorgradsprogram, seier Husøy, som legg til at det har vore ein auke i stipendiatar på 140 % i perioden 2002-2008 ved UiS som heilskap.
I

2009 vil 18 stipendiatar disputere ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet. Det er rekord.

Ragnar Stølsmark (24) blei tatt opp som stipendiat i informasjonsteknologi i haust og er ein av dei siste som medverka til at talet på stipendiatar kom over 100.
 

24-åringen kjem frå Vikedal, tok vidaregåande skule i Ølen og fullførde masterstudiet i  informasjonsteknologi på UiS i sommar.

Under avslutninga for masterstudentar fekk han Teknas studentpris på kr 15.000,-. Prisen går til ein student som gjer det fagleg bra i tillegg til å engasjera seg i utanomfaglege aktivitetar. Det gjorde Stølsmark som leiar av ISI (Interesseorganisasjonen for Sivilingeniørstudenter i Informasjonsteknologi).

Interesse for data

- Det var stor interesse for datateknologi som låg til grunn for at eg starta på Universitetet i Stavanger, seier Ragnar Stølsmark.
Interessa må ha vore særs stor. I løpet av masterstudiet i informasjonsteknologi kunne han notera 29 A-ar og 4 B-ar. Ikkje rart at det blir Tekna-pris av det.
- Eg blei både glad og overraska over å få prisen, seier Stølsmark. Det er absolutt kjekt å få anerkjenning på denne måten.
Nå har han starta doktorgradsstudiet med ”Geografiske databaser og trådløse sensornettverk” som forskingstema. Hovedvegleiar er førsteamanuensis Erlend Tøssebro på Institutt for data- og elektroteknikk.
- For meg var det naturleg å fortsetja og studera ved UiS.  Eg ser for meg eit spennande doktorgradsopplegg og ser òg fram til å få moglegheita til å forska. Det gjev stor grad av fridom samstundes som det set krav til sjølvstende og metodikk.

I doktorgradsopplegget er det lagt opp til eit semester i utlandet. Stølsmark kan tenkje seg eit forskaropphald i USA.

Men inntil vidare held han til i eit kontorfellesskap med fleire andre doktorgradsstudentar på Institutt for data- og elektroteknikk.

Stølsmark er ein av relativt få norske masterstudentar som går vidare til doktorgradsstudiar.

- Det tror eg har samanheng med at masterkandidatar med gode karakterar får jobb i næringslivet direkte etter masterstudiet og går ut i godt betalte jobbar. Det er kanskje den viktigaste grunnen til at så få norske går vidare til doktorgradsstudiar.

Men det gjer han sjølv og går alt etter planen, disputerer han 26 år gamal. Ikkje dårlig.

Tekst: Egil Rugland


Sist oppdatert av (15.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Prodekan for forsking er nøgd med veksten i talet på stipendiatar på TN-fakultetet.

29 A -er og 3 B-er frå masterstudiet: Ragnar Stølsmark er klår for doktorgradsstudiet i informasjonsteknologi.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER