Polarfararar held klimaforedrag


Børge Ousland og direktør Jan-Gunnar Winther ved Norsk Polarinstitutt held klimaforedraget Kalde Fakta på Universitetet i Stavanger. Foredraget finn stad tysdag 20. oktober kl. 10.15-12.00 i Kjølv Egelands hus, rom KE E-164.

Ousland og Winther har begge 20 års erfaring frå ekspedisjonar og forsking i Arktis og Antarktis. Foredraget Kalde Fakta er ei forteljing om deira eigne opplevingar frå polarområda med isen som smeltar, dyreliv, kamp med naturkrefter og siste nytt frå klimaforskinga.

Gjennom turane til polarområda har Winther og Ousland vore vitne til dei dramatiske klimaendringane som har skjedd dei siste åra.

- Kan ikkje spå utvikling
- Det er viktig å formidle kva som er i ferd med å skje. Klimaendringane skjer no så fort at klimaforskarane ikkje har gode nok modellar til å spå utviklinga. Dei to siste åra har smelte av havisen i Arktis vore dramatisk. Istilhøva har vore slik klimaforskarane fyrst trudde skulle hende mot midten av dette hundreåret, seier direktør ved Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.

Børge Ousland opplevde helt andre istilhøve på si siste ferd frå Nordpolen gjennom Frans Josefs Land, i Fritjof Nansens og Hjalmar Johansens fotspor, i fjor. Isen var mykje tynnare, og det var mykje ope hav.

Vanskelig for isbjørn
– Vi opplevde at isbjørnane har fått det vanskelegare. Dei var meir aggressive, og vi observerte at dei måtte ete fugl og tang. Issmeltinga har også ført til at det er skapt ei ny øy ved Frans Josefs land, slik at delar av kartet må teiknast på nytt, fortel Ousland.

Foredragsturneen blir arrangert av klimakampanjen Klimaløftet i Miljøverndepartementet. Winther og Ousland har tidlegare i år vore på turne med Kalde Fakta til studiestader på Austlandet og Nord-Noreg.

Les intervju med polarfararane
 


Sist oppdatert av (19.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol