StOr ber studentar nytte stemmeretten


19. -22. oktober er det studentval på Universitetet i Stavanger. StudentOrganisasjonen (StOr) håper fleire studentar kan sjå kor viktig det er at dei engasjerer seg.

I to dagar har representantar frå StOr teke imot førehandsstemmer. Ved utgangen av dag to hadde vel 120 studentar lagt igjen lappar i den grøne postkassa. Det utgjorde 1,4 prosent av alle som har lov til å stemme.

- Å stemme er livsviktig, smiler nestleiar i StOr, Kathe-Mari Solberg Hansen.
- Dei som skal jobbe for studentrettar kan ikkje arbeide utan å ha folk i ryggen.

Ho står på stand i foajeen i Arne Rettedals hus saman med Lene Lithun, som er i valgkomitéen. Rykande varm kaffi står klar til forbipasserande, og dei er raskt på plass når studentar har noko dei lurer på. Dei treng stemmer både til fakultetsstyre og studentparlament.

Fleire må stemme
I arbeidsprogrammet har StOr eit mål om 17 prosent oppslutning ved årets studentval. Klarar dei det, hoppar Solberg Hansen i taket. Statistikk frå tidlegare år viser nemleg at langt færre studentar brukar stemmeretten. Prosenten har riktig nok gått opp sidan han låg på 5,2 i 2005, men fjorårets resultat på 13,3 prosent er framleis ikkje godt nok.

- I år føler me at me har gjort ein god del som kan vere med på å auke oppslutninga. Me har ei fyldig valavis som presenterer både saker og personar, seier Solberg Hansen.

Avisa ligg ute på nett og er dessutan klar i papirutgåve. Nå oppmodar StOr studentar til å lese og stemme på dei representantane dei trur vil gjere ein best muleg jobb for seg som student på UiS.

Nyheit med listeval
Nytt i år er listeval; ei prøveordning som gjeld i to år framover. Kvar liste har minst fem personar, og dei skriv om kva dei meiner er dei viktigaste sakene. Studentar kan vere med og prioritere kven som skal komme øvst på lista.

- I andre byar, for eksempel Trondheim, er studentar nesten ekskluderte om dei ikkje har verv. I Stavanger er det førebels ikkje ”popis” å vere med i styre og stell. Dette vil me gjere noko med, seier nestleiar Solberg Hansen.

For saker som til dømes utvida opningstider på lesesalane og rett til konteeksamen på TN-fakultetet har ifølgje Solberg Hansen komme etter påtrykk frå StOr. Goda er resultat av mykje jobbing, og dermed treng dei hjelp.

- Bruk stemmen din, avsluttar Kathe-Mari Solberg Hansen.

Du kan stemme frå 19. til 22. oktober i tidsrommet 10-14. Det vil vere mogleg å stemme i Kjølv Egelands hus, Arne Rettedals hus, Kjell Arholms hus, Hagbard Line-huset og i Bjergsted.
Hugs studentbevis og legitimasjon.

Les valavisa her.

Tekst og bilete: Janet Molde Hollund
 


Sist oppdatert av (15.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
"Use your voice or lose your choise" heiter det i salgordet for studentvalet 2009. Hafiz Muhammad Awais synest det er viktig å bruke stemmeretten.

Nestleiar i StOr, Kathe-Mari Solberg Hansen, og valkomitémedlem Lene Lithun etterlyser meir studentengasjement.

Fleire studentar stoppa onsdag ved StOr-standen i Arne Rettedals hus for å høyre meir om valet. Nå er håpet at dei kjem tilbake og stemmer neste veke.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER