Ny siger til UiS Volley


Jentene i UiS Volley kunne sundag reise heim frå Bergen med nok ein siger. Dermed har dei vunne alle dei fem fyrste seriekampane. Men BSI Volleyball gav Stavanger-laget hard motstand.

- Det var bra å få litt tøff motstand, det har nesten gått litt for greitt, seier Dag Myrestrand, dagleg leiar og nestleiar i UiS Volley. Han tykkjer det er positivt at dei får bryne seg litt.

BSI Volleyball leidde både 1-0 og 2-1 i sett, men jentene i UiS Volley vakna tidsnok til å hale sigeren i land. I fjerde sett leidde jentene 20-9, og i femte sett leidde UiS frå byrjing til slutt og vann 15-10. Det betyr to nye poeng til UiS, og framleis tabelltopp.

- BSI Volleyball var sjølve svært nøgde med at dei klarte å yte så stor motstand, og syntest dei hadde spelt ein god kamp, seier Myrestrand.

UiS Volley har gått sigrande ut av alle dei fem fyrste kampane sidan sesongstart. Ifølge Myrestrand har jentene allereie møtt dei tre laga dei reknar med skal vere dei største motstandarane på bortebane. Dette lover godt for sesongen vidare.

- Det er i tråd med forventningane, og me har høge ambisjonar. Det er kjekt at me innfrir sportsleg sett, seier Dag Myrestrand.
 

Tekst: Janet Molde Hollund


Sist oppdatert av (12.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol