Bur det ein liten skodespelar i deg?


Gunvor Hinna har vore med på revyar før – og likar det. Så godt at ho no tek initiativ til å starte opp ei eiga revygruppe for UiS-tilsette.

Rommet er allereie bestilt til fyrste møtet 22. oktober. Gunvor Hinna håpar og trur ho kan få med seg 20-25 personar. Ho har høyrt at det var revygruppe her i 1993, og fleire av dei som var med jobbar her enno.

- Kanskje er det nokon der ute som sit med gode idear. Eg har folk med meg som kan hjelpe til med å få gruppa på beina, men dei seier dei ikkje er skodespelarar, fortel Hinna.

Ei revygruppe må sjølvsagt ha folk som kan stå på scena, men det er òg bruk for dei som kan lage tekstar, kostyme og jobbe med PR. Hinna seier dei vil søkje om midlar frå velferdskomitéen og få tak i ein god instruktør.

- Eg vil prøve å leige U1 eller U2 i Arne Rettedals hus, for der er det scene. Planen min er å skrive tekst før jul, øve etter jul og framføre revyen ein gong i vår, seier Hinna optimistisk.

Er du interessert?
Møt opp i møterom AR V-224 22. oktober frå klokka 13.30 til 14.30.

 


Sist oppdatert av (12.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol