– Dristig, men risikabelt å gi fredsprisen til Obama


Samfunnsforskar Svein Erik Tuastad ved UiS ser problem med å gi fredsprisen til den nye presidenten i USA. Samstundes aukar Nobelkomiteen Barack Obama sine sjansar til å lukkas i sitt fredsprosjekt, trur han.

– Dette er ei særs risikabel og politisk pristildeling. Eg vil rose komiteen for sitt vågemot, seier Tuastad.
Risikoen ligg i at Obama ikkje har lukkas med så mykje ennå. Tildelinga er først og fremst ei støtte til presidenten sine fine ord og intensjonar.

- Tent et håp
– Bush-regimet hindra internasjonale avtalar og splitta den muslimske verda frå den kristne. Difor har det vore enorm glede i Europa og resten av verda av at USA no har fått ein president som er med på laget. Tidlegare demokratiske presidentar, som Clinton og Carter, hadde gode intensjonar, men dei var svake. Obama er av Kennedys kaliber. Han har tent eit håp for verda og Nobelkomiteen gjev no si støtte til hans fredsprosjekt, seier Tuastad.
– Trur du prisen vil hjelpe presidenten?
– Ja, eg trur den vil styrkje Obamas internasjonale legitimitet og moglegheita han har for å lukkas, seier Tuastad.

Diskutable sider
Mange tidlegare vinnarar har arbeidd i fleire tiår før dei vart heidra av Nobelkomiteen. Obama får fredsprisen nesten før han har kome i gang. Samfunnsforskaren ser problem med det.
– Dette er ein pris for fine ord, ikkje resultat. I mange land i verda blir folk fengsla fordi dei vil ha demokrati og ytringsfridom. Dei risikerar livet for sitt fredsarbeid, men får inga nobelpris. Dette er ei diskutabel side ved årets tildeling.
Eit anna opplagt problem er at Obamas fine ord ikkje har hatt nokon effekt i Midt-Austen. Korkje iranarane eller Israel bryr seg om kva han seier, dei driv på med sitt uansett. Og USA gjer ingenting med det, seier Tuastad.

Donald Duck neste?
Han er òg uroa for at prisen skal bli ei konkurranse i popularitet.
– Får vi mange tildelingar av denne typen over tid, vil det gå ut over nobelinstituttets truverd. Då risikerer vi at Donald Duck får fredsprisen til slutt, seier Tuastad med ein liten latter.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (09.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol