Danseforsking


Med femten timar videomateriale som grunnlag skal fyrsteamanuensis Siri Dybwik ved Universitetet i Stavanger forske på korleis ei danseframsyning blir til.

Siri Dybwik har i mange år jobba for å synleggjere samtidsdansen hos nye målgrupper. Ho har tjue års erfaring som profesjonell dansar og etablerte dansekompaniet dybwikdans i 1999. No skal ho jakte på kva som formar ei framsyning, frå idé til premiere, frå ingenting til eit scenisk produkt.

Dybwik skal analysere femten timar med videomateriale og intervjue koreografar og dansarar. Prosjektet baserer seg på tre installasjonsprosjekt i uterom og skal gå over tre år. Målet er å skape ny kunnskap og nye metodar innanfor improvisert dans, og resultata kjem til slutt dansestudentane til gode.

– Dette er eit stort prosjekt. Eg skal analysere sju koreografiar gjort av fem koreografar. Deltakarane spenner frå fyrsteårsstudentar til erfarne lærarar som driv med ulike typar dans, fortel Dybwik.

Dybwikdans har i mange år drive med oppsøkjande publikumsprosjekt, der eit viktig mål er å nå nye publikumsgrupper og auke interessa for dans generelt. Då Stavanger var europeisk kulturhovudstad i 2008, var kompaniet sterkt til stades, både i opningsparaden og med ei rekkje framsyningar. Eitt av prosjekta som inngår i Dybwik si forsking, heiter Samtidighet og blei gjennomført i stavangerområdet i juni i år. Her møtte dansarane folk der dei var: i parken, på gata, på torget eller på kaia.

Ordlaus prosess

– Målet med forskinga er å bevisstgjere dansarane om prosessen bak improvisert dans. Eg trur mange scenekunstnarar saknar dokumentasjon av arbeidet sitt. Dans er ein ordlaus prosess der alle bidreg med si erfaring, men der me undervegs snakkar i fysiske handlingar framfor ord. Eit viktig moment er òg improvisasjon i møtet mellom publikum og utøvarane, og korleis den einskilde dansaren sin tradisjon, metode, bakgrunn påverkar det sceniske produktet, seier ho.

– Eg har dokumentert alle prosjekta frå dag ein med video og filma ti versjonar av same dansen. Det ligg òg mykje skjult fyrstehandskunnskap i kunsten vår. Difor skal eg intervjue dei som er i prosessen, forklarer Dybwik.

– Kor fritt står dansarane til å improvisere?

– I erfarne samtidsdansarar sitt arbeid er det stor grad av improvisasjon, men det er avgjerande at koreografen og dansarane er einige om eit felles språk på førehand. Den erfarne dansaren kan lese situasjonen der og då. Den mest erfarne dansaren kan endre dansen med den minste lyd eller det minste vindpust eller når det går ein person forbi, men dette tek mange år. Produktet skal vere forskjellig frå gong til gong. Dans er augneblikket sin kunst, understrekar ho.

Improvisasjon og entreprenørskap

Dybwik forsikrar at dansestudentane ved Institutt for musikk og dans får ei solid utdanning.

– Ved UiS har vi flotte studentar som får ei god utdanning. Mange er allereie sterke teoretisk og har god evne til å reflektere, seier ho.

Fyrsteamanuensen fortel at entreprenørskap har ein tydeleg plass i utdanninga, noko som skal gjere det lettare for dansarane å stå på eigne bein etterpå. Også improvisasjon kjem raskare på timeplanen enn det som var vanleg før.

– Våre studentar får improvisasjon som eit eige fag mykje tidlegare enn eg sjølv gjorde som student. Med improvisasjon utviklar dansaren sitt eige språk og blir meir bevisst. Når det vert kombinert med teknikk, får dansaren eit godt instrument, meiner Dybwik.

Tekst: Thomas Bore Olsen

Foto: Morten Berentsen

VIL DU VITE MEIR ?
Siri Dybwik, Institutt for musikk og dans, UiS, tlf.: 51 83 40 31 


Sist oppdatert av (08.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit bilete av Julie Svelid som dansar.
KAIDANS: Dansaren Julie Svelid var ein av aktørane i danseprosjektet Samtidighet. Her dansar og improviserar ho på kaikanten til glede for skuelystne forbipasserarar.
Her er eit bilete av Gerd Elin Birkeland som dansar.
Gerd Elin Birkeland dansar.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER