Stor interesse for multiboka


Nyleg gav Greenbook Digitalforlaget skoleelevar ved fleire vidaregåande skolar ein smakebit av framtidas teknologi. Multiboka er ei digital lærebok med pedagogiske oppgåver, video, lydfiler og animasjonar.

«Flott design!», «dette var kjekt!», «herleg å kunne sleppe å dra på bøkene», «endeleg alt på ein plass», «fancy», «lærerikt», «enkelt» og «bra responssvar på oppgåvene». Dette var nokre av tilbakemeldingane forlagsdirektør Annie Haver fekk då 100 elevar ved Olsvikåsen vidaregåande skole i Bergen fekk ta i bruk ein pilot av den splitter nye multiboka i naturfag 8. september i år. No blir multiboka testa på vel 200 elevar i Stavanger, Haugesund og Bergen før den legges ut til sal frå neste skoleår.

Entusiastiske elevar
Det tok berre nokre sekundar frå elevane fekk multiboka i handa, til dei hadde det digitale læreverket på skrivebordet og kunne opne boka. Elevane er vande med å navigere og klikke, og no kunne dei boltre seg i naturfag gjennom animasjonar og simuleringar.

– Det var gøy å sjå entusiasmen elevane viste. Både vi som står bak multiboka, og elevane var veldig spente. Og det var artig å sjå kor raske dei var, seier Annie Haver.

To intense år med forretningsutvikling og produktutvikling ligg bak den første fullstendige multiboka i Noreg. Inntil vidare kjem boka på ein minnepinne. Når ho kjem i sal, blir det som nedlasting frå nettbutikk.

– Det som er nytt med dei digitale læremidla til Greenbook, er at elevane får ei fullstendig multibok samla på ein stad. Sidan heile boka ligg på den einskilde maskina, kan elevane lese og gjere skolearbeid kvar som helst og når som helst, forklarer forlagsdirektør Annie Haver.

Stor interesse
Den første multiboka som vart prøvd ut, var første år naturfag for vidaregåande skolar. Ho er utvikla i samarbeid med fagboklærarane, som er forfattarar og lærarar ved Sonans Nettgymnas. Det siste året har dei jobba intenst saman med Greenbook sine redaktørar. Edvantage group står bak arbeidet med å få innhaldet på pdf-format med interaktive oppgåver og animasjonar. Med denne teknologien kan elevane zoome inn teksten eller leggje han over på mp3-spelaren med lyd.

Etter kick-offet har forlagsdirektøren motteke mange meldingar frå lærarar og skolar som er interesserte i å ta i bruk det digitale læremiddelet som forlaget no skal tilby.

– Dette pilotarbeidet er eit forskingsprosjekt. Vi skal no følgje 8–10 elevar og sjå på korleis dei bruker mulitboka. Dette blir spanande, seier Haver.

I tillegg skal alle dei tre pilotskolane følgjast tett opp i eitt år, blant anna med observasjonsstudiar og spørjeundersøkingar.

Stor marknad
Stavangerforlaget blei etablert i fjor med Universitetet i Stavanger, Lyse, Sonans og Ipark som eigarar. Forlaget satsar først og fremst på vidaregåande skolar og ungdomsskolar. For kvart fag dei lagar lærebok for, vil marknaden vere på fleire tusen elevar. Forlaget rettar seg òg mot høgskolar, universitet og det private næringslivet.

– Ved hjelp av video, animasjon, lyd og mange ulike oppgåver skal læringa bli meir lystbetont, seier Haver.

I alt er forlaget i gang med fem andre produksjoner, blant anna ei bok for tre ulike framandspråk for grunnskolen og den videregående skolen utvikla av fagbokforfattarar ved Universitetet i Stavanger.

VIL DU VITE MEIR?
Annie Haver, Greenbook Digitalforlaget, tlf.: 415 36 502, e-post: annie.haver@greenbook.no

TEKST: Karen Anne Okstad
FOTO: Erling Hægeland
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (28.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Multiboka fra Greenbook digitalforlaget.
USB-BOKA: I september har 200 skoleelevar i Bergen, Stavanger og Haugesund fått USB-pinne med Multiboka til Greenbook Digitalforlaget: Alltid oppdatert. Aldri utsolgt. Enkelt å kjøpe inn, enkelt å bruke, uavhengig av tid og stad.
Forlagsdirektør Annie Haver ved Greenbook Digitalforlaget. FOTO: Erling Hægeland.
PÅ JAKT ETTER DYKTIGE LÆRARAR: Forlagsdirektør Annie Haver og Greenbook Digitalforlaget ønskjer å knytte til seg dyktige forfattarar med gode idear for digitale læremiddel. FOTO: Erling Hægeland.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER