Humorfestivalen: Debatt om ytringsfridom på UiS


Har humoristar ytringsfridom? Dette er spørsmålet når Humorfestivalen og UiS i dag kl. 13.00 går saman om å arrangere debattmøte på Universitetsbibliotekets avdeling på Ullandhaug.

Eit panel samansett av humorist og klovn Per Inge Torkelsen, førsteamanuensis ved UiS Svein Tuastad, Kulturkompaniet og generalsekretær i Amnesty International John Peder Egenæs skal ta opp ytringsfridom. Har komikarar moglegheit til å flytte grenser, og korleis går dette med tanke på kommersielle krefter? Og ønskjer publikum komikarar som tar del med samfunnsdebatthumor, eller vil folk at komisk scenekunst berre skal vere til forlysting?

Møteleiar er Torstein Tvedt Solberg, student ved Universitetet i Stavanger.

I desse dagar er det mykje humor i Stavanger. Heilt fram til laurdag skal du få rikeleg med sjansar til å trena lattermusklane. Den Store Norske Humorfestivalen har som målsetting å bli Stavanger-regionens eigen oktoberfest, og i år ønskjer dei også å ha fokus på studentane ved UiS.


Sist oppdatert av (01.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol