Femte forskarnatt


Fredag kveld var nysgjerrigperar samla i Sandnes og i resten av Europa for å lære nytt om forsking.

Researchers' Night er eit europeisk prosjekt som blir finansiert av EU-kommisjonen. Forskarkvelden blei i år arrangert for femte år på rad i Noreg. På Vitenfabrikken i Sandnes blei publikum ønskt velkomen med astronaut-is, frose ned med nitrogen.

UiS-professor Sigbjørn Hervik tok dei frammøtte med 13,7 milliardar år tilbake i tid til Big Bang og barndomen til universet.

- Med Big Bang blei universet, slik vi kjenner det, til. Somme spør kor det skjedde. Då svarer eg at det ikkje skjedde noko spesiell stad. Det skjedde overalt, sa matematikkprofessoren.

Meteoritt
Forskingssjef Mads Ravn ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har delteke i utgravingar i øyriket Vanuatu i Stillehavet på det han omtaler som Stillehavet sin største gravplass, og fortalde om folkevandringar frå Afrika for 40.000 år sidan.

IRIS-forskar Fridtjof Riis stod for geologien på Researchers' Night med sitt fordrag om meteorittar og nedslaget i Ritland i Hjelmeland. Ein meteoritt på 100 meter i diameter trefte Ryfylke for 500-600 millionar år sidan med ein fart på 30 kilometer i sekundet. På Researchers' Night viste han bilete av den 350 meteren djupe og to og ein halv kilometer breie
krateret som er igjen.

- Jordkloden treffest stadig vekk av ting frå verdsrommet, sa Riis, som kunne opplyse at det på jorda er funne 176 meteorittkrater.

Oppdagingsferd
Publikum kunne også delta aktivt ved å på oppdagingsferd Vitenfabrikken, blant anna i planetariet, som er eitt av fire i verda.

I år deltok 31 europeiske land på Researchers' Night. 15 av arrangementa fann stad i Noreg, frå Tromsø til Kristiansand.
 


Sist oppdatert av (28.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av publikum
Kristoffer (t.v.) og Trond Bratteteig testar ut ein av dei mange aktivitetane på Vitenfabrikken under Researchers' Night.
Bidlete av matematikkprofessor Sigbjørn Hervik
Matematikkprofessor Sigbjørn Hervik tok med publikum 13,7 milliarder år tilbake i tid.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER