Norsk Hotellhøgskole i eksklusivt nettverk


Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger er tatt opp som medlem i organisasjonen Leading Hotel Schools of the World (LHW). Det opner for praksisplassar for studentar på luksushotell over heile verda.

– Med dette blir vi ein del av eit internasjonalt miljø som reindyrkar det hotellfaglege. Dessutan får vi no tilgang til eit stort nettverk av institusjonar som utdannar bachelor-studentar. For oss, som har meir forsking enn dei andre, betyr dette i tillegg betre moglegheiter til å rekruttera master- og doktorgradsstudentar, seier Truls Engstrøm, instituttleiar ved Norsk hotellhøgskole.

Femstjernes hotell
Med berre ni medlemmer er Leading Hotel Schools of the World eit eksklusivt samband. Krava for å bli med er strenge, mellom anna er det berre reine hotellutdanningar som får vere med. Eit av måla til LHW er å sørgje for at luksushotell verda over skal ha tilgang på kvalifisert arbeidskraft.
Når Norsk hotellhøgskole no er akseptert som det tiande medlem i LHW, betyr det at femstjernes hotell i heile verda blir moglege utplasseringsstader for studentane i Stavanger.

Lærarutveksling
For lærekreftene opnar det seg moglegheiter for utveksling med dei andre institusjonane i nettverket. Det vil også bli mogleg å samarbeide om nettbaserte utdanningsløysingar mellom dei ulike skulene.

Kompetente ansatte
Organisasjonen Leading Hotel Schools of the World er skipa av The Leading Hotels of the World Ltd., Hotelschool The Hague og Niagara University i USA. Dei ville lage eit samband av internasjonale utdanningsinstitusjonar for høgt kvalifiserte hotellmedarbeidarar. Eit spesielt siktemål er å sørgje for at dei 450 hotella verda over som er medlemmer av The Leading Hotels of the World Ltd. får topp kompetente fagfolk.
 

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (29.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol