Gunvor Hoel er gått bort


I dag fekk me melding om at Gunvor Hoel har gått bort, etter å ha vore sjuk ei tid.

Gunvor er ei av dei mektige damene som har vore med på å forma og utvikla institusjonen vår. Ho starta på det gamle høgskulesenteret i 1983, jobba seg trutt inn i verksemda og utvikla seg. Frå 1994 fekk ho ansvaret for eksamensorganiseringa på høgskulen. Dette vart hovudverket hennar, og dette gjorde ho godt. Å skapa eit samla og samhandlande system for eit konglomerat av gamle verksemder med ulike vurderingssystem  krov evne til sterk styring og smidige tilpassingar. Gunvor vaks med oppgåva og dette særs kritiske området har alltid fungert godt.
Å styra hundrevis av eksamensvakter, eit utal nervøse studentar og kravstore lærarar var kvardagen hennar. Og ve den professor som prøvde å gå utanom systemet! Fine titlar og høg kompetanse hjelpte ikkje når Gunvor hadde laga noko ho visste fungerte.
Men Gunvor var berre streng og systematisk når det var heilt naudsynt. For kollegene var ho ein hjartevarm kollaga som hjelpte og støtta og utvikla andre, og i sosiale lag var ho og aktiv og synleg. Studentane hadde ho og omsut for.
I dag tenkjer me på familien hennar som fekk ha ho så kort etter at ho vart pensjonert, og vi føler med dei sorga. Ikkje berre hjå dei skapar ho eit tomrom, men og hjå oss som har arbeidd med ho og saknar ho framleis.
Fred over hennar minne!

John B Møst
 
 


Sist oppdatert av (25.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol