Forskingsfredag for heile familien


Kva skjedde eigentleg då universet blei født? Og korleis vil jorda sjå ut etter eit meteorittreff? Ved Vitenfabrikken i Sandnes kan ”Researchers’ night” i kveld gi store og små svar på fleire ting mellom himmel og jord.

”Researchers’ night” er eit prosjekt kor forsking for folk flest blir presentert same kveld i heile Europa. I Sandnes startar programmet i Langgata klokka 18.15, og forflyttar seg til Vitenfabrikken kor opplevingane står i kø heilt fram til 21.30. I løpet av desse timane kan folk få sjå utstillingar, høyre musikk og foredrag og vere med på ulike aktivitetar.

Astronomi
- 2009 er eit astronomisk jubileumsår. 400 år har gått sidan Galileo Galilei demonstrete det nye teleskopet sitt, og me har derfor laga eit arrangement som tar utgangspunkt i astronomien, fortel Suvada Veledar, regionleiar for ”Forskingsdagane”.

På plakaten står mellom anna servering av astronaut-is frå Måltidets Hus, arkeologiske utgravingar i øyriket Vanatu i Stillehavet, teleskop og ”Solen, månen og Gud i Bibelens første kapittel”. Stavanger astronomiske foreining og Asteroidene er blant dei som inviterer til aktivitetar.

Strålande festival
Håpet med både denne kvelden og alle dei andre arrangementa under ”Forskingsdagane” er at folk i alle aldrar skal bli meir interesserte i teknologi og naturvitskap. Så langt har årets festival gått strålande og mange har deltatt på dei ulike tinga.

- Med barne- og ungdomsuniversitetet har me tatt imot 450 elevar ved UiS. Dei har fått høyra framifrå forskarar halde foredrag tilpassa alderen til ungane. Me er utruleg nøgde. For studentane ved UiS var ”Undringstimen” med foredrag av doktorgradstipendiatar ein stor suksess. Me har allereie planar for neste år, seier Veledar.

”Forskingsdagane” held fram med program til og med søndag.


 


Sist oppdatert av (25.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol