Støtte til Erasmus-prosjekt


Universitetet i Stavanger (UiS) har fått midlar til to internasjonale intensive program (IP) på fagområda urban design og sosialt arbeid innan Erasmus-programmet.

Prosjektet i urban design er eit samarbeid mellom UiS, Universidad Polytécnica de Valencia, Spania, og Yildiz Technical University, Tyrkia. Prosjektet har tittelen ”Cultural Layers of Public Space”. Tildelt sum er Nkr. 790.000,-.
 

- Det er gledeleg at UiS fekk 100 prosent finansiering for programmet i urban design, seier prosjektleder Lucas Griffith, Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP), Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet. Me har store forventningar til programmet. Neste sommer vil 60 studentar og 15 førelesarar frå Norge, Spania og Tyrkia samlast i Istanbul, med kultur som utgangspunkt for planlegging av arkitektur og opne byrom.

- Det gjev studentane ei god anledning til å medverka i eit internasjonalt prosjekt med perspektiv på å leggja til rette for kulturelt mangfald. Kombinasjonen av formelle og uformelle læringsmetoder kan gje studentar eit meir nyansert perspektiv på urban design og forstå kultur på ulike nivå.

Sosialt arbeid
Prosjektet i sosialt arbeid er eit samarbeid mellom UiS, University of Wales, Newport, og Vilnius University, Litauen. Prosjekttittel er ”Multi-disciplinary perspectives on working with young people in Europe”. Tildelt støtte er Nkr 536.000,-.
Begge programma varar 14 dagar totalt.
 

-Me har stor tru på dette IP samarbeidsprosjektet med Wales og Litauen, seier dosent Reidar S. Østerhaug, som er prosjektleiar på Institutt for sosialfag, Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

- For studentane vil eit slikt møte mellom studenter frå forskjellige land gi unik moglegheit for fagleg innsikt og refleksjon over sosialpedagogisk/barnevernspedagogfaglig arbeid i ulike kulturelle og politiske kontekstar, noko som vil vera både fagleg perspektivutvidande og personleg danning. .

- IP-programmet vil gå inn som ein del av eit komparativt forskingsnettverk med omsyn til sosialpedagogar og barnevernpedagogars praksis, teori og refleksjon. UiS får samtidig markert seg i Erasmus-samanheng som eit universitet med eit fagleg høgt kompetent sosialpedagogisk miljø.

- Ikkje minst ser me på  IP-programmet som eit godt utgangspunkt for å arbeida ut - og få gjennomslag for - ein Erasmus Mundus-søknad om ein internasjonal master med arbeidstittel "Master in Social Pedagogy and Youth Work".  Eit vellukka IP vil bekrefta samarbeidsevne og fagleg kompetanse, og vil på den måten fungera som eit strategisk skritt på veg mot ein master med Erasmus Mundus status.


- Desse prosjekta gjev gode moglegheiter for å testa ut samarbeid med ein partnerinstitusjon, sier rådgiver Shalini Frøiland ved Utdanningsavdelinga som har hatt ei aktiv rolle i søknadsskrivinga for begge prosjekta og organiseringa av prosjekta.

- Sjøl om det kan vera store føremoner med å gå inn i eit fellesgradssamarbeid, er det forpliktande og krev mykje av både fagfolk og administrativt tilsette. Deltaking i eit IP betyr at det er mogleg å testa graden av koordinering og samarbeid før det eventuelt utviklar seg vidare til gradsamarbeid.

Bakgrunn for IP
IP er eit kort studieprogram, minst 10 dager i tillegg til eventuelt for-/etterarbeid, som samlar studentar og lærare frå høgare utdanningsinstitusjonar.  

Søknad om IP vert handsama av nasjonalkontoret (SIU - Senter for internasjonalisering av Høyere Utdanning) og tildeling vert gjort på bakgrunn av vurdering frå to ekspertar. Programmet kan finna stad i eit anna land enn der ein søkjer støtte. Støtten vert gjeven i form av eit fast basistilskott, dekking av reisekostnader og tilskott til opphald for studentar og lærarar etter faste satsar.

Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (24.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentar frå Universitetet i Stavanger og Unversidad politecnica de Valencia, Spania, hadde samling i Stavanger i sommar om temaet urban design. Her får studantene ei orientering av Lucas Griffith midt på bilete.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER