Store visjonar for Universitetet i Stavanger


Slik kan universitetsområdet på Ullandhaug sjå ut i 2030 dersom ressursdirektør John B. Møst får gjennom visjonen sin. I 2011 er han litt nærmare målet sitt. Då skal nytt studenthus og SV-bygg stå klart.

Visjonen er ein campus med mellom anna samla fakultetsbygningar, studentboligar, servicesenter og store grøntareal. Eit område kor busetnad og landskap spelar saman.

Ressursdirektør John B. Møst tenker heilskap når han går for utvidingar av universitetsområdet. Det er mange omsyn å ta når ein skal tenka langsiktig. Det nye SV-bygget, og Studenthuset, som skal romma studentorganisasjonane, prest og bokkafé, er eitt skritt i retning av å fortette dei sentrale områda på campus.

Sist veke hadde UiS-styret byggeaktiviteten på campus oppe til orientering. Møst trur dei fleste av prosjekta som er planlagde fram mot 2015 vil bli realiserte. Men kvar sak må få godkjenning frå styret før dei kan gå i gang.

Det fyrste som kjem til å skje på campus, er at biokjemimiljøet, med professor Simon Møller i spissen, flyttar inn i nye lokalar i Ipark, Måltidets hus. Dette skjer allereie i 2010.

Ligg til rette
Universitetet står føre store utfordringar i åra som kjem. Arne Rettedal og co var framsynte då dei på 60-talet ville legga til rette for at Stavanger skulle få sitt eige Blindern. Areala universitetet treng for å ekspandera ligg klare, men størrelsen på pengesekken avgjer kor fort planane kan gjennomførast.

For sjølv om det snart er fem år sidan kong Harald offisielt opna universitetet, er arealnorma i dag framleis tilsvarande høgskulenivå. Ressursdirektør John B. Møst vil gjerne samanlikne UiS med Universitetet i Oslo. Dei er det mest trongbudde av dei gamle universiteta, og dei har 30 prosent meir areal per student enn me har.

Plasskrevjande
- Eit universitet er mykje meir komplisert og plasskrevjande enn ein høgskule. Med mange masterstudentar og doktorgrader treng me mykje meir areal enn om me berre hadde hatt bachelorstudentar, seier Møst.

UiS må også vera førebudd på at fleire unge tar høgare utdanning. Noko som kan hjelpa på plassmangelen, er at universitetet i 2013 kan få tilgang på 7500 nye kvadratmeter i bygget som i dag husar Oljedirektoratet. Leiga her er rimelegare enn om UiS skulle bygga sjølv.

Arkeologisk museum og Bjergsted 
UiS jobbar også med å få utvida Arkeologisk museum, kor dei treng større kapasitet til både utstillingar og magasin. UiS er i dialog med departementet, og prosjektet blir truleg finansiert av ei stortingsløyving om to til fire år.

Når kulturskulen i Bjergsted i 2012 flyttar til nye lokalar, blir 1300 kvadratmeter fristilt. Dette gir moglegheit til ekspansjon, og UiS kan vera med på sin del av den såkalla Bjergsted-visjonen. Målet er at Bjergsted skal samla utdanning- og utøvingsmiljø gjennom alle nivå heilt frå musikk- og kulturskule til doktorgrader, og vidare til profesjonell utøving i musikk og dans.

Internasjonalisering og studentbustadar
Ein viktig strategi for å vidareutvikle og styrke universitetet er internasjonalisering. UiS treng gode nettverk, som igjen kan trekke fleire gode studentar og doktorgradstipendiatar frå utlandet.

Men ein viktig føresetnad for utanlandske studentar, er at universitetet kan tilby bustadar på campus. UiS har i dag fleire mellombelse hyblar, og Studentsamskipnaden har fått løyve til å bygga 321 nye på universitetsområdet. Likevel ligg ein her etter i å få løyvingar til å bygga nok studentbustadar.  Fleire prosjekt som kan gi fleire hundre nye studentbustadar er planlagde, men her er sakene meir kompliserte.

 

Tekst av Janet Molde Hollund


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (21.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Slik er visjonen for campus ved UiS i 2030.
Nytt SV-bygg (t.v.) og studenthus skal stå klare til august 2011.
Nytt SV-bygg (t.v.) og studenthus skal stå klare til august 2011.
Campus år for år

2010: Biokjemimiljøet flyttar inn i Ipark, Måltidets hus.

2011: Nytt SV-bygg og studenthus

2012: 1300 kvadratmeter blir fristilt i Bjergsted

2013: 7500 kvadratmeter blir fristilt i OD

I tillegg skal Arkeologisk museum utvida, truleg innan to-fire år.