Bok om mormonisme under planlegging


I 2012 er det 175 år sidan mormonismen kom frå USA til Europa. Seniorforskar ved UiS, Johnnie Glad, har blitt oppmoda til å komma med sitt bidrag til ei bok som skal handla om det som skjedde.

Boka, som blir eit større bind, skal markera det som skjedde då mormonismen kom til Europa. Samtidig gjer boka ein samla oversikt over publiserte kjelder, skrifter og materiale frå denne tida.

Ei gruppe av habile og etablerte forskarar innafor sine fagfelt blir nå kontakta og oppmoda om å komma med sine bidrag til prosjektet, og seniorforskar ved UiS, Johnnie Glad er ein av dei spurte. Forskinga til Glad blir stadig meir kjent rundt om i verda, og nyleg deltok han på ein internasjonal forskingskonferanse i Torino, Italia.

Målet er at boka skal komma ut i 2012.

 

 

 


Sist oppdatert av (23.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol