SPE-pris til Svein M. Skjæveland


Instituttleiar og professor Svein M.Skjæveland, Institutt for petroleumsteknologi, UiS, blei nyleg tildelt SPE 2009 Regional Formation Evaluation Technical Award North Sea Region.

SPE (Society of Petroleum Engineers) har åtte fagområde som grunnlag for tildelinga. Svein M. Skjæveland fekk prisen på fagområdet Distinguished Contribution to Petroleum Engineering in the Area of Formation Evaluation. Han var ein av åtte fagpersonar på verdsbasis som fekk prisen.

Tildelinga fann stad under Offshore Europe-konferansen i Aderdeen.

- Dette er ei tildeling eg sett stor pris på, seier Svein M. Skjæveland. Det er ei solid fagleg anerkjenning av forskinga og undervisinga i reservoartekniske fag gjennom fleire år frå petroleumsindustrien som aktivitetane har vore retta mot.

Les meir om tildelinga.

 

Tekst: Egil Rugland


Sist oppdatert av (17.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol