Sekretariat for ny lærarutdanning


UiS blir nasjonalt sekretariat for oppfølging av den nye lærarutdanninga. Det kunngjorde statsråd for høgare utdanning og forsking, Tora Aasland, nyleg.

Frå neste haust trer ei ny reform for grunnskulelærarutdanninga i kraft. Den inneber blant anna at dei som skal undervise i høvesvis 1.-7. og 5.-10. trinn skal følgje separate utdanningsspor.

Lokalisert på UiS
I staden for å evaluere reforma i ettertid, har regjeringa bestemt at innføringa av den nye rammeplanen skal følgjast opp med følgjeforsking. Sekretariatet for dette oppfølgingsarbeidet skal lokaliserast til Universitetet i Stavanger.

Verdsetting
– Dette inneber ei viktig verdsetting av kompetansen som UiS har på lærarutdanningsforsking, seier rektor Aslaug Mikkelsen.

 


Sist oppdatert av (03.08.2010)

Skriv ut artikkel print symbol