Dybwik til styre for stipendprogram


Kunnskapsdepartementet har oppnemnt førsteamanuensis Siri Dybwik som medlem av styret for ”Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid” for perioden 2010-2014.

Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid er ein parallell til forskerutdanningane organisert som doktorgradsprogram. Programmet skal sikre kunstnerisk utviklingsarbeid på høgste nivå og skal føre fram til kompetanse som førsteamanuensis. Stipendprogrammet er blant dei første innen dette feltet i Europa.

Programstyret har som hovudoppgåve å sikre ei god programutvikling. Styret skal mellom anna handsame søknader og velge ut stipendiatar. Programstyret er eit sakkunnig utval, men henter inn særskilte sakkunnige utsegn dersom det er nødvendig med spesialkompetanse.

Kunsthøgskolen i Bergen er operatør for programmet.


Sist oppdatert av (15.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol