Lydopptak av Svein Tuastad sin bokpresentasjon


Svein Tuastad sin bokpresentasjon forrige tysdag blei tatt opp. No kan du høyra den på di eiga datamaskin eller Mp3-spelar

Førsteamanuensis Svein Tuastad sin bokpresentasjon førre tysdag (8. september) blei godt besøkt og motteken. Tuastad presenterte si nye bok "Fridom, likskap og gullkort". I denne boka tek han opp dei utfordringane den politiske venstresida møter i dagens Noreg. "Kva skal venstresida gjera no, når mange av dei tinga vi kjempa for er på plass?" spør han.

Førsteamanuensis Jan Otto Jacobsen stilte som kommentator til Tuastad si framstilling. Han stilte nokre kritiske spørsmål som ei oppmuntring til vidare refleksjon og debatt.

Dersom du ikkje fekk med deg denne seansen, eller dersom du var til stades og vil høyra det om att, har du no moglegheiten til det. Du kan høyra presentasjonen på datamaskina di ved å klikka på lenka under og vidare på "Tuastad.mp3". Presentasjonen med kommentarar varer i ca. 40 minuttar.

Viss du ønskjer å lasta ned presentasjonen, og til dømes lasta den over på ein Mp3-spelar eller brenna den på ein CD, kan du høgreklikka på "Tuastad.mp3" og velga "Lagre mål som". Då blir fila lagra på maskina di, og du kan bruka den slik det passar deg best. Fila er på ca. 38 MB.

Lydkvaliteten er ikkje like god heile tida på dette opptaket. Det kan derfor lønne seg å ha på eit høgt lydvolum under delar av avspelinga, for å sikra at du får med deg det som blir sagt.


HØYR SVEIN TUASTAD SIN BOKPRESENTASJON HER


På denne sida er det også mogleg å abonnere på bokpresentasjonar som RSS. Klikk på "Abonner på denne feeden" øverst på sida dersom du ønsker det.


Sist oppdatert av John David Didriksen (16.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol