Ny utgåve av Annerledestenkerne


Dekan Per Arne Bjørkum, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, UiS, ga ut ”Annerledestenkerne” i 1998. 11. september kjem ei tredje gjennomrevidert utgåve med undertittel ”Kreativitet i vitenskapens historie” ut.

- I ”Annerledestenkerne” legg eg vekt på å beskriva dei kreative prosessane som er ein føresetnad for å utvikla ny kunnskap, seier Per Arne Bjørkum. Det dreier seg om vitskapsmenn og forskarar som har utfordra desse vedtekne sanningar i samtida og korleis desse arbeida - òg før dei fann løysinga. Lesaren blir derfor med på ein slags oppdagingsprosess og får samtidig innsikt i korleis teoriane blei motarbeidde av den etablerte ekspertisen. 

Boka er utgangspunkt for det obligatoriske kurset i vitskapsteori for bachelorstudentar på Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet på Universitetet i Stavanger.

- I dette kurset legg vi vekt på å gje ei innføring i vitskapsteori ved å gå til dels detaljert gjennom nokre døme på framveksten av ny kunnskap frå vitskapshistoria. Det gjeld med utgangspunkt i kjende vitskapsmenn som Einstein, Aristoteles, Kopernikus, Kepler, Galilei og Newton, for å nemna nokre. På den måten blir vitskapsteorien meir konkret og derfor lettare å forholda seg til.

- Vi lar òg studentane få innsikt i dei konfliktar som oppstår når nyheiter vert lagde fram, det vil seia kor vanskeleg det er å få gjennomslag for nye idear sjøl om dei viser seg å vera rette.

Bjørkum meiner det er viktig å forbereda studentane på at dei vil møta motstand når dei er i ei kreativ utvikling.

Annerledestenkerne er gjeve ut på Universitetsforlaget.

Les meir på forlagets heimeside med kommentar frå professor Martin Ystenes, NTNU.


Sist oppdatert av (09.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol