Erik Solheim held foredrag på UiS


Utviklings- og miljøvernminister Erik Solheim (SV) held foredrag om menneskerettar på UiS, måndag 7. september kl. 11.00 til 11.45 i Kjell Arholms hus, auditorium 3.

Det nærmar seg klimatoppmøtet i København. I foredraget sitt vil Solheim fortelje korleis han ser for seg at forhandlingane utspel seg og kven som er dei viktigaste spelarane.

Solheim vil også reflektere over klimaendringane generelt og innverknaden på dei fattigaste i verda. I foredraget vil Solheim skissere det han meiner er dei viktigaste stega Noreg kan ta når vi står overfor menneskeheita si største utfordring i nyare tid.
 


Sist oppdatert av (03.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol