Biblioteket på Ullandhaug tilbyr no også musikk


Du kan velja blant nesten 1000 CD-plater med norsk musikk i biblioteket på Ullandhaug

Biblioteket i Bjergsted har i lengre tid hatt eit bredt tilbud av musikk til sine brukarar. No følger biblioteket på Ullandhaug etter. I løpet av sommaren har flittige studentar på sommarjobb registrert nesten 1000 CD-plater med musikk som står klare til utlån. Platene dekker eit bredt spekter av musikalske uttrykksformer, her er alt frå barnesang til black metal. Alle platene kjem frå Norsk Kulturråd si innkjøpsordning for norsk musikk, så du vil kun finna norske artistar i samlinga.

For å få til ein mest mulig effektiv registreringsprosess er platene stilt opp etter løpenummer, så dei forskjellige sjangrane står samanblanda i eit salig samrøre. Her er det berre å gå på skattejakt i hylla, eller søka i Bibsys på artist eller tittel. Det er her mogleg å avgrensa søket ditt slik at du kun søker etter Musikk-CD, og du kan også avgrensa søket til avdeling Ullandhaug eller Bjergsted.

Platene er plasserte på den same hylla som DVD-samlinga vår. Lånetida er ei veke.
 


Sist oppdatert av John David Didriksen (24.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol