Leverandørutviklingsseminar innan buildingSMART og BIM


Statsbygg, Universitetet i Stavanger og Innovasjon Noreg inviterer til seminar innan buildingSMART og BIM (BygningsInformasjonsModell), måndag 24. august kl. 09.30 - 16.00.

Vi inviterer til ope møte om BIM og buildingSMART i samband med at byggjeprosjekt ved Universitetet i Stavanger skal ut på tilbod i løpet av hausten. Vi ønskjer velkomen til entreprenørar, underentreprenørar, leverandørar, byggjeleiarar, IKT-leverandørar og andre som ønskjer å vite meir om BIM og buildingSMART og korleis eit byggjeprosjekt i Stavanger kan gi moglegheit til forretningsmessig utvikling i bedriftene i heile regionen.

Som eit grunnlag for vidare BIM- og buildingSMART-forberedelse i bedriftene, vil det i samband med arrangementet vere mogeleg å møte leverandørar av programvare som er tilpassa BIM og buildingSMART. Representantar frå UiS, Statsbygg og Innovasjon Norge vil også vere tilstades.

Seminaret er gratis, lunsj er ikkje inkludert.

Vi ønskjer med semiaret å bidra til ein fagleg og praktisk utvikling i Rogalandsregionen, og håper på mange regionale tilbydarar når prosjektet skal ut på tilbod.

Kom, bli inspirert og lær!

Påmelding
Program
Mei informasjon om BuildingSMART
 


Sist oppdatert av (21.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol