Opna nye studentbustadar


Tysdag blei dei nye studentbustadane på Misjonsmarken høgtideleg opna. Student Manfred Adam Kijalo fekk æra av å klippe snora.

Bygningen med 40 nye leilegheiter er eit viktig tilskot til bustadmassen for studentane i Stavanger. De heldige som har fått plass her, får eige bad og minikjøkken. I tillegg kan dei nyte fine ettermiddagar på felles, sørvendt veranda i toppetasjen.
– Vi håper studentane vil stortrivast i dette flotte bygget, som vi er veldig glad for at glir fint inn i desse historiske omgivnadene her på Misjonsmarka. Det vil bli spennande å sjå korleis studentane vil ta i bruk fellesromma, og ikkje minst korleis løysinga med eigne bad og kjøkken på både hyblar og leilegheiter vil fungere, sa Ellinor Svela, administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Stavanger  i talen sin.

Heldige
Knut Holter er rektor ved Misjonshøgskulen, som ligg tvers over grasmatta frå de nye bustadene.
– Studentane i Stavanger er heldige og har all grunn til å glede seg over å få flytte inn i eit så flott bygg som dette er blitt, sa han under opninga.
Holter trekte linjene heilt tilbake til 1864, når dei fyrste studentane flytte inn i den eldste bygningen på Misjonsmarka. Spøkjefullt vende Holter seg til SIS og tilbudde over 145 år gammal ekspertise i å huse studentar frå inn og utland. Med på kjøpet fekk dei nyleg innflytte studentane utdrag frå dei mange generasjonars husreglement, som mellom anna omtalte vekking klokka fem om morgonen, instruksjonar for personleg hygiene og oppfordring til måtehald i forhold til mat og drikke.

Campus nær sentrum
Aslaug Mikkelsen, rektor ved Universitetet i Stavanger, var og blant talarane. Ho understreka verdien av samspel mellom norske og internasjonale studentar og uttrykte glede over det gode samarbeidet mellom dei høgare utdanningsinstitusjonane i regionen.
Anna-Marie Antonius, seniorrådgivar Stavanger kommune overrakka helsingar frå rådmann Inger Østensjø og understreka verdien av campusutvikling så nært bykjerna.

- Høgt prioritert
– Dette er ein stor dag for byen Stavanger og for studentane. I jobben med utforming av ny kommuneplan står bygging av nye studentbustader høgt prioriterte, og legg viktige linjer for framtida. Eg skulle nesten ønskje eg kunne vore student igjen, sa Antonius.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (12.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av student Manfred Adam Kijalo som klipper snora i dei nye studentbustadane på Misjonsmarka.
Student Manfred Adam Kijalo er særs nøgd med husværet på Misjonsmarka. Han klipte snora under den høgtidelege opninga i går.
Bilete av gang med stort vindu og utsikt mot vegen.
Dei nye studentbustadane held høgt arkitektonisk nivå.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER