Nettverk for kjønnsforsking i haust


Nettverk for kjønnsforsking ved UiS sparkar i gong hausten med litterær salong under Kapittelfestivalen 17. september. I løpet av hausten møter du mellom anna Vigdis Hjort, Olaug Nilssen og Ingunn Yssen på nettverket sine arrangement.

Nettverk for kjønnsforsking er ei tverrfagleg eining ved UiS som sidan oppstarten i 2001 har jobba for å initiere, stimulere og realisere kjønnsforsking, gi undervisning og formidle om dette feltet. Nettverk for kjønnsforsking har ei rekkje forskargrupper og enkeltforskarar knyta til seg, og fungerer også som ein ressursbase for forskarar med kjønnsperspektiv.

Her kan du få ei oversikt over kva som skjer i nettverket. Arrangementa er opne for alle interesserte.

September
17. september kl.17.00: Litterær Salong: Har vi henne no? Forfattarane Unn Conradi Andersen, Vigdis Hjort og Hanne Ørstavik i samtale med Wencke Mühleisen. Arrangementet er eit samarbeid med Kapittelfestivalen.

19. september kl.15.00: Litterær salong: Om kvinnelitteratur. Forfattarane Brit Bildøen, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Marit Eikemo i samtale. Arrangementet er eit samarbeid med Kapittelfestivalen.

25. september kl.10.00-16.00: Startkablar for skrivande forskarar. Skrivekurs med forfattar og skrivelærer Merete Morken Andersen og fyrsteamanuensis Lise Nordenborg Myhre. Kurset er no fullteikna.

29. september kl.20.00: Feministisk forskingskafé. Vi inviterer til paneldebatt om kjønn og leiarskap. Debatten finn stad i Kult.Kjellaren på Sølvberget.

Oktober
8. oktober kl.19.00: Feministisk forskingskafé spesial. Marie Simonsen og Ingunn Yssen kjem for å snakke om si siste bok "BRÅK". Arrangementet er eit samarbeid med Stavanger bibliotek, og finn stad i Kult.Kaféen.

19. oktober kl.10.00-13.00: Dialogkonferanse. Kjønnsdimensjonen i teknologisk og maritim forsking. Konferansen finn stad på Høgskolen Stord-Haugesund (HSH), og er eit samarbeid mellom HSH og UiS

27. oktober kl.20.00: Feministisk forskingskafé. Prest Gyrid Gunnes held foredrag om feministisk teologi. Foredraget finn stad i Kult. Kjellaren.

November

12. november kl.19.00: Forfattarskapsforelesing: Emily Dickinson. Professor Ellen Mortensen ved Senter for Kvinne- og kjønnsforsking ved Universitetet i Bergen held foredrag om den kontroversielle poeten i Kult Kaféen på Sølvberget.

17. november kl.20.00: Feministisk forskingskafé. Vi inviterer til film- og vinkveld

24. november kl.10.00-12.00: Hysteriet si historie i Noreg. Fyrsteamanuensis Hilde Bondevik frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo held forelesing om si siste bok "Hysteri i Norge. Et sjukdomsportrett". Forelesinga finn stad i Kjell Arholms hus.

Nettverket et lunsj saman i kantina i Kjølv Egelands hus kvar onsdag kl.12.00. Velkomen!

Meir informasjon finn du på nettverket si heimeside.
 


Sist oppdatert av (06.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av forfattar Olaug Nilssen
Forfattar Olaug Nilssen har hatt stor suksess med boka "Få meg på, for faen". Laurdag 19. september deltek ho i litterær salong i regi av Nettverk for kjønnsforsking under Kapittelfestivalen.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER