Vil ta varmt i mot nye studentar


Når dei nye studentane kjem til Universitetet i Stavanger, vil dei få ein varm velkomst. Ein heil liten armé av fadrar står klar til å hjelpe – og feire – dei som melder seg.

Det er Paul F. Johannessen som er faddersjef. Han lover alle som deltek – både fadrar og ”fadderborn” – stort utbytte av dei ni dagane. Det blir konsertar, festar, turar og anna – i tillegg til nødvendig informasjon om UiS og det enkelte studium. Ikkje minst blir ein kjent med dei ein skal studere saman med.
– Fadderborna får ein sosial oppleving og tilknyting til medstudentane som hjelper dei vidare i studieåret, seier Johannessen.

Treng frivillige
Pliktene til ein fadder består berre av å vere tilgjengeleg, hjelpsam og sosial overfor ei lita gruppe studentar i ei dryg veke. Mange eksisterande studentar har meldt seg frivillige, men Johannessen treng enda fleire.
– At vi skal få ein fadder per nye student er ein utopi, men vi har eit mål om 350-400 fadrar. Eg oppfordrar alle til å bli med. Mange seier at dei ikkje gidd å vere fadder, fordi dei får vere med på det som er gøy uansett. Eg vil ikkje at det skal vere sånn, seier han.

Meld deg på
For å auke statusen til det å vere med i fadderprosjektet, blir det i år innført festivalband til alle som er med. Då vil det vere tydeleg for alle kven som er med.
Du kan melde deg på fadderprosjektet her.

Bigbang og Fjorden Baby
Som vanleg er det fleire gode konserter i løpet av fadderveka. I år står Bigbang, Fjorden Baby! og Pony the Pirate på scenen i Folken. I tillegg blir det arrangert standup-førestilling, rennebilløp, gallafest, rekebåtcruise og mykje meir. Nytt av året er at kvart fakultet får ansvar for sin eigen fest i Grottene på Folken.

Sosialt aktiv
Paul Johannessen er sjølve frå Stavanger. Han håper spesielt at andre studentar med lokalt opphav engasjerer seg.
– Eg var sjølv aktiv i fadderveka og bestemte meg for å få nokre nye vener i tillegg til dei eg hadde frå før. I ettertid er eg veldig glad for det. Å vere sosial i studietida er alfa og omega. Det sosiale og det faglege heng tett saman, seier faddersjef Paul F. Johannessen.

 


Sist oppdatert av System (27.07.2009)

Skriv ut artikkel print symbol