25 millionar frå StatoilHydros Akademiaprogram


I dag underteikna Universitetet i Stavanger ei ny avtale med StatoilHydro. Gjennom den såkalla Akademia-avtalen får Institutt for petroleumsteknologi 25 millionar kronar over ein femårsperiode. Dette betyr ei vidare satsing på petroleumsgeologifaga samt ei ny satsing på bore- og brønnteknologi.

Dei årlege fem millionane skal brukast til å stimulere forsking og utdanning innan strategisk viktige fag- og kompetanseområde både for UiS og StatoilHydro. Avtalen gjer det til dømes mogleg å satse på bore- og brønnteknologi ved UiS.

Rektor Aslaug Mikkelsen og dekan for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet Per Arne Bjørkum skreiv under på avtalen om eit langsiktig og gjensidig forskingssamarbeid med StatoilHydro, saman med direktør for selskapet sitt forskingssenter i Bergen, Birgitte Schilling.

Det er ikkje første gongen petroleumsmiljøet ved UiS har ein avtale med StatoilHydro. I snart ti år har bedrifta gitt midlar til dette fagmiljøet. Men det er først etter fusjonen mellom Statoil og Hydro at all aktivitet som gjeld avtalar med forskingsinstitusjonar, er samla i eit og same program – Akademiaprogrammet.

– Vi ser fram til mange nye år med godt forskingssamarbeid med dykk, sa rektor Aslaug Mikkelsen.

– Dette er eit flott og langsiktig samarbeid med ein industri som forstår akademia. Avtalen gjer det mogleg å skape økonomisk tryggleik og stabilitet i det vi gjer, sa dekan Per Arne Bjørkum.

Saman med leiar for Akademiaprogrammet Leif Lømo ved StatoilHydro og leiar for Institutt for petroleumsteknologi Svein M. Skjæveland ved UiS var partane samla på Universitetet i Stavanger for å signere avtalen.

Frå sponsing til samarbeid
– Det er ikkje slik at vi dumpar ein sekk med pengar til UiS og dreg vår veg. Denne avtalen styres av ein styringskomité med tre representantar frå StatoilHydro og tre frå UiS. Denne gruppa skal årleg diskutere retning og aktivitet for samarbeidsavtalen. Dette partnarskapet inneber at vi kan ha ein tett dialog om kva som er viktig for UiS og kva som er viktig for StatoilHydro, seier Leif Lømo.

Han legg til:

– Desse 25 millionane er eit verktøy for eit godt og langsiktig samarbeid.

StatoilHydro har ni slike avtalar med forskingsinstitusjonar i Noreg kor dei prøver å bruke det nettverket som akademia representerer, blant anna for å sikre kompetanse og rekruttering.

– Vi har no meir fokus på forsking enn det som var tilfelle i tidlegare avtalar, det vil seie meir fokus på forskingsbasert utdanning og forskarutdanning. I denne avtalen fokuserer vi på kva som er strategisk viktig for UiS – og for StatoilHydro. Derfor blir det no ei satsing på bore- og brønnteknologi, fortel direktør Birgitte Schilling.

Ho trekk blant anna fram at stavangermiljøet er førande på bore- og brønnteknologi med testsenteret på Ullandhaug og det tilhøyrande forskingsmiljøa rundt IRIS og UiS. I tillegg nemner ho at mykje av leverandørindustrien er i Stavanger.

I første omgang vil det seie at UiS no får midlar til å utlyse eit gåveprofessorat og ein post.doc. i bore- og brønnteknologi.

Betre utnytting av ressursane
StatoilHydro borer for fleire titals milliardar årleg. Dersom ein kan bore billigare, kan ein også bore meir og utnytta ressursane ytterlegare. Med dette som bakgrunn sa rektor Aslaug Mikkelsen nokre ord om det viktige samfunnsansvaret som er knytt til denne verksemda.

– Energitryggleik blir berre meir og meir viktig for samfunnet. Vi må derfor forska meir på korleis vi utnyttar ressursane best mogleg i et miljømessig perspektiv – også med tanke på områda i Arktis, sa Mikkelsen, som takka StatoilHydro for dei moglegheitene petroleumsmiljøet ved UiS får gjennom denne avtalen.

Då petroleumsteknologistudiet begynte i 1971, kunne fagmiljøet berre undervise i geologifaget som eit støttefag til ingeniørstudiet. Først etter at miljøet blei del av eit universitet i 2005 var det mogleg å gå i gang med eit petroleumsgeologistudium.

– Dei siste tre åra har vi brukt midlane frå StatoilHydro til å byggje opp grunnlaget for petroleumsgeologistudiet med blant anna eit bachelorstudium i 2008. Vi tar no sikte på å etablere eit masterstudium i 2010. Utan midlane frå StatoilHydro hadde det ikkje vore mogleg å byggje opp dette tilbodet, som vi har sakna i 30 år, seier instituttleiar Svein M. Skjæveland.

Han ser fram til å samarbeide vidare med StatoilHydro, no gjennom å byggje opp undervisning og forsking innan borefag.

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (23.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Birgitte Schilling, Aslaug Mikkelsen, Leif Lømo, Per Arne Bjørkum, Svein M. Skjæveland.
GODT MØTE: Frå høgre ser vi direktør Birgitte Schilling og leiar for Akademiaprogrammet Leif Lømo saman med rektor Aslaug Mikkelsen, dekan Per Arne Bjørkum og instituttleiar Svein M. Skjæveland.
Per Arne Bjørkum, Aslaug Mikkelsen, Birgitte Schilling.
GJEV SIGNERING: Det var god stemning på Ullandhaug då dekan Per Arne Bjørkum og rektor Aslaug Mikkelsen underteikna den gullkanta avtalen med direktør Birgitte Schilling frå StatoilHydro.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER