Tar pulsen på Noreg


Universitetet i Stavanger er i sluttfasen av eit nasjonalt forskingsprosjekt som skal kartleggje nordmenns fysiske form. Nær 100 rogalendingar har vore på tredemølla i Hagbard Lines hus.

– Dette er spennande. Eg var litt skeptisk då dei ringte og spurte om eg ville vere med på dette, men då eg fekk vite kva prosjektet gjekk ut på sa eg ja. Å vere med på dette betyr noko både for meg sjølve og samfunnet, seier Kristin Skogli.
Ho er andpusten etter eit kvarters rask gange på ei stadig brattare tredemølle med ei maske over andletet.
– Eg blei litt sveitt og den maska var litt ubehageleg. Elles gjekk det greitt, seier ho.

Oksygenopptak
Mens ho streva, målte førstelektor Leif Inge Tjelta og førsteamanuensis Sindre Dyrstad ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk det maksimale oksygenopptaket hennar. Det skal gje eit bilete av kondisjonsnivået. Etterpå stod styrketest på programmet.

Målte rørsle
Kristin Skogli er ein av i alt 4000 nordmenn som har deltatt i prosjektet Kartlegging av Aktivitet Noreg (KAN), som blei satt i gang av Helsedirektoratet. Fyrst gjekk deltakarane med ein avansert skritteljar ei heil veke. Dermed kan helsemyndigheitene danna seg eit bilete av kor mykje det norske folk rører på seg.
I andre del av prosjektet blei kvar fjerde deltakar plukka ut til å gjennomføre ein fysisk test. No er også den biten snart ferdig.

Kartleggjer befolkninga
– Det er spennande at heile den norske befolkninga skal kartleggjas i forhold til fysisk aktivitet og form. Ingen tidligare studier har undersøkt eit representativt utval av ein heil nasjonal befolkning. Me er faktisk med på noko som er unikt i verdssamanheng, seier førsteamanuensis Sindre Dyrstad.

Interessant forsking
For han og dei andre på Faggruppe idrett på Universitetet i Stavanger vil undersøkinga bety mykje interessant forskingsarbeid, når datasetta blir tilgjenglege.
– Dette er eit stort samarbeidsprosjekt mellom 10 høgskuler og universitet i Noreg. Hos oss vil heile faggruppa være involvert i prosjektet. I tillegg kjem åtte studentar til å arbeide med dette som ein del av si bacheloroppgåve, seier Dyrstad.


 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (14.07.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Kristin Skogli, som går på tredemølle medan førsteamanuensis Sindre Dyrstad og førstelektor Leif Inge Tjelta fylgjer med.
Kristin Skogli tester formen på UiS. Førsteamanuensis Sindre Dyrstad (nærmest) og førstelektor Leif Inge Tjelta følgjer nøye med.
Kristin Skogli tek kroppshevingar i gymsal med universitetslektor Anne Brekke.
Kristin Skogli måtte også til pers med styrketest hos universitetslektor Anne Brekke.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER