UiS får 18 millionar til energiforsking


Noreg og Tyskland innleier eit samarbeid om forsking innan energi og miljø. Universitetet i Stavanger er ein sentral partner i prosjektet, som får ein donasjon på 13 millionar kronar frå energiselskapet Lyse og fem millionar frå Utanriksdepartementet.

Den tysk-norske lærestolen er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Universitetet i Clausthal og forskingspartnarane deira. Det inneber oppretting av to professorat for å styrkje samarbeidet innanfor forsking og utdanning på energi- og miljøfeltet.

Viktig bidrag
Lyse har vedteke å støtte opprettinga av den tysk-norske lærestolen med 13 millionar kronar over ein tiårsperiode.
– Dette samarbeidet vil gi eit viktig bidrag til å styrkje kompetansemiljøet for utvikling av robuste energi- og miljøsystem i Noreg og Rogaland. Det vil også stimulere industrielt samarbeid på energisektoren, og Lyse er glad for at samarbeidspartnaren vår, EWE, støttar lærestolen frå tysk side, seier konsernsjef Eimund Nygaard i Lyse.
Lyse er ått av 16 kommunar i Sør-Rogaland. Selskapet samarbeider også tett med Rogaland fylkeskommune og andre regionale aktørar med sikte på å skape klimagunstige energiløysingar.

Tek samfunnsansvar
– Dette er eit godt tiltak i regionen sitt arbeid med å gå frå å vere oljehovudstad til å bli ein energihovudstad, som også satsar på berekraftig energi. Vi er djupt takksame for at Lyse nok ein gong tek samfunnsansvar på energiområdet. Lyse har ei lang historie av store donasjonar til UiS og fortset med dette universitetsbygginga si, seier rektor Aslaug Mikkelsen.

Støtte frå UD
Utanriksminister Jonas Gahr Støre ønskjer avtalen mellom Universitetet i Stavanger og Universitetet i Clausthal i Tyskland velkomen.
– Eit styrkte samarbeid på sentrale energi- og miljøspørsmål er eit godt eksempel på korleis leiande forskings- og undervisningsinstitusjonar kan hjelpe til ei meir berekraftig utvikling i nord, seier Gahr Støre.
Avtalen er eit resultat av fleire års samarbeid mellom utanriksdepartementa i Noreg og Tyskland. Lengda på programmet er i utgangspunktet fem år, med moglegheit for forlenging i ytterlege fem år. Finansieringa skjer gjennom private og offentlege sponsorar. Utanriksdepartementet vil betale fem millionar kronar i perioden 2009 - 2011.

Takksame på UiS
Dette skaper stor glede på Universitetet i Stavanger.
– Vi er djupt æra og svært takksame for utanriksdepartementa si avgjerd om å etablere desse lærestolane. Vi ser fram til å intensivere samarbeidet med kollegaene våre i Clausthal, baserte på stønaden vi har frå regjeringane våre. For UiS vil dette tyde ei vesentleg styrking av forskingsmiljøa våre på energisida. Det gjeld i forhold til utviklinga i nordområda, kor vi skal ta med oss kompetansen frå Nordsjøen og utvikle samarbeidet vårt med Universitetet i Tromsø. Ikkje minst vil det styrkje satsinga vår på berekraftig energi innanfor det nyoppretta senteret CenSe, seier rektor Aslaug Mikkelsen

Koordinere forsking
Professorata har fått den offisielle tittelen “Efficient development and use of energy for application in the Northern Regions”. Dei skal ta initiativ til og koordinere felles forsking og undervisning innanfor energi- og miljøområda. Saman med samarbeidspartnarane IRIS og Risavika Gas Centre skal UiS ha fokus på energieffektivitet, systemanalyse og integrasjon, samt effektiv utvikling og berekraftig produksjon av energiressursar i Barentshavet. På tysk side skal ein konsentrere seg om å utvikle lønsam jordvarmeteknologi.
Opprettinga av professorata blei annonsert i forbindelse med de tysk-norske energi- og klimakonsultasjonane i Stavanger 18. juni.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (07.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av den tysk-norske delegasjonen på UiS. Dekan Per Arne Bjørkum, rektor Aslaug Mikkelsen, den tyske professor Kurt M. Reinicke, den tyske ambassadøren Viktor Elbling, spesialrådgjevar Bjørn Tore Godal og styreformann i Lyse Energi AS, Ivar Rusdal.
Dei går saman om å forske på framtidas energi: Frå venstre dekan Per Arne Bjørkum, rektor Aslaug Mikkelsen, den tyske professor Kurt M. Reinicke, den tyske ambassadøren Viktor Elbling, spesialrådgjevar Bjørn Tore Godal i Utanriksdepartementet og styreformann i Lyse Energi AS, Ivar Rusdal.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER