Tettare samarbeid med næringslivet


For aller fyrste gong blir det fremma ei stortingsmelding om heilskapen i samfunnet sitt kompetansebehov. I meldinga blir foreslått tiltak for både grunnskule, vidaregåande skule, høgare utdanning og vaksenopplæring. Tiltak mot fråfall og endringar som skal sikre meir yrkesretting av faga, vil vere sentrale tema.

St. meld. nr. 44 (2008-2009) ”Utdanningslinja” legg vekt på at det er spesielt avgjerande å investere i utdanning i krisetider, fordi det erfaringsmessig er dei ufaglærde som mister jobben fyrst. Det er også eit faktum at det i kunnskapsnasjonen Noreg blir stadig færre jobbar som ikkje krev vidaregåande eller høgare utdanning. Målsetjinga for regjeringa er å få fleire gjennom utdanning som sikrar dei kvalifikasjonar og arbeid.

Betre gjennomføring i høgare utdanning
Regjeringen er oppteken av tilgangen til høgare utdanning og i revidert nasjonalbudsjett for 2009 blei det oppretta 3800 nye studieplassar. For å sikre tilstrekkeleg kompetanse og at fleire fullfører ein grad i høgare utdanning, vil regjeringa også gjere høgare utdanning nærare praksisfeltet og betre innretta mot arbeidslivet sine behov. Derfor foreslår regjeringa fleire tiltak for å styrkje samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidslivet. Eigne råd for samarbeid med arbeidslivet blir foreslått oppretta ved kvar institusjon. Det blir også lansert ei moglegheit for alle studentar til å ta frivillig praksis som ein del av utdanningsløpet.

- Vi ønskjer å opprette råd for samarbeid med arbeidslivet ved alle universitet og høgskular. I tillegg ber vi om forslag på korleis bachelor-graden kan bli meir yrkesretta. Desse studia må gjerast meir relevante slik at dei passar til etterspørselen i næringslivet, samtidig som vi ikkje mister den vitskaplege forankringa i faga, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

Les meir på Kunnskapsdepartementets nettsider


Sist oppdatert av (22.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol