Stavanger Innovation Summit opna


Nær 100 deltakarar frå 11 land er samla på konferansen Stavanger Innovation Summit som opna i dag på Universitetet i Stavanger.

Fyrste foredragshaldar var professor Andrew Pettigrew frå Saïd Business School ved University of Oxford, som er kjend for det nyanserte synet sitt på utviklinga til organisasjonar. Han oppmodar til å inkludere menneskelege-, politiske- og sosiale aspektar når ein ser på organisasjonar, og ikkje berre berre økonomiske sider, som er vanleg i den tradisjonelle skulen.

Pettigrew har brukt oljeselskapet BP mykje i forskinga si og trekte i sitt foredrag fram eksempel herifrå. Resultata hans viser at dei økonomiske resultata til selskapet ikkje berre følgjer oljeprisen, men i stor grad blir påverka av leiinga sine strategiar. Han peika i den samanhengen på det paradokset at toppleiarane i dei største britiske konserna i gjennomsnitt sit tre år i sjefsstolen.

- Når det er høg oljepris, kan sjølv eit esel leie selskapet BP Det er under dårlege tider at vi treng gode leiarar som er i stand til å samle og tolke inntrykk, spøka Pettigrew

- Doble strategiar lønner seg
På Stavanger Innovation Summit er omstilling eit gjennomgåande tema. Oxford-professoren meiner at det kan lønne seg for organisasjonar som står framfor omstilling å velje doble strategiar. Dette kan gjerast ved å kombinere mellom anna hierarki med nettverk, sentralisering med desentralisering og standardisering med tilpassing.

Tysdag blir Centre for Innovation Research si noverande og framtidige forsking presentert.

Vitja heimesida til konferansen
 


Sist oppdatert av (15.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol