Løyser utfordringar med innovasjon


15. til 16.juni blir Stavanger Innovation Summit arrangert på UiS. Her kjem politikarar, representantar frå næringsliv og forskarar for å diskutere løysingar på framtidas utfordringar. Bak konferansen står Stavanger Centre for Innovation Research.

Behovet for innovasjon og teknologiutvikling er stort, og aldri før har moglegheitene og truslane vore større. Spesielt gjeld dette for energibyer som baserer næringslivet sitt og velstanden sin på utvikling og produksjon av fossil energi. Stavanger er openbert ein av desse. Kva forretningsmoglegheiter finst? Kva blir kravd av innovasjon og teknologiutvikling? Korleis legg vi best til rette for nødvendige innovasjonsprosessar i bedrifter og regionar?

På Stavanger Innovation Summit vil blant anna ordførarar og rådmenn frå energihovudstadene Houston, Aberdeen og Stavanger halde korte innlegg og bli utfordra gjennom dialog. Dernest skal strategiar næringslivet- og forskarmiljøa sine ambisjonar og drøftast.

- Treng nytenking
- Byer som er sterkt involvert i olje- og gassverksemd har eit akutt behov for nytenking. Vi skal diskutere strategiar for vidareutvikling av fornybare og karbonnøytrale byer. For det fyrste kan olje og gass blir gjord reinare, og for det andre kan dagens forsking overførast til fornybare felt. Energibyane blir med desse laboratoria for globale klimautfordringar, seier leiar for Senter for innovasjonsforsking Martin Gjelvik, som understrekar at det i utgangspunktet er regionane sjølv som må ta ansvar for eiga utvikling. Dei må ha eigne strategiar og implementere desse.

Houston går framfor
Ein tredje strategi går ut på å finne heilt andre bein å stå på. Gjelsvik trekkjer fram Houston som eit føregangseksempel innan nytenking.

- Byen er mindre avhengig av olje og gass enn tidlegare. De har langt mindre produksjon, men har basert seg på energibasert teknologiutvikling.Vidare har dei ein medisinsk industri som er på storleik med energisektoren. Det blir satsa på fornybar energi og vindmøller, og Houston har i tillegg sett nytten av å satse på kultur, seier han.

Kulturen si rolle i vidareutviklinga av regionane er for også tema for ein av sesjonane på konferansen, der det vil bli fokusert på dei tidlegare kulturhovudstadene Liverpool, Glasgow og Stavanger. Ein ønskjer å sjå på korleis kultur kan hjelpe til å byggje ærekjensle og identitet i byregionar og vere forretningsskapande.

Sentrale spørsmål
Eit viktig mål med konferansen er å trekkje fram ein del spørsmålsstillingar som Stavanger Centre for Innovation Research skal drive forsking på, og som igjen kan hjelpe til å utvikle UiS og IRIS sine internasjonale nettverk. Allereie no er det starta opp fleire prosjekt i regi av senteret. Alle prosjekta til senteret har internasjonalt omtykte partnerar. Innovasjonsprosjekta vil bli presenterte av forskarane under parallellsesjonar på konferansen sin andre dag.

Eit av prosjekta blir leidd av Rune Fitjar og ser på tydinga av tillit, samarbeid og openheit i den regionale innovasjonsevna. Det handlar om leiarane sine haldningar, men også om korleis bedrifter driv innovasjon og om dei vel regionale-, nasjonale eller internasjonale partnerar. I prosjektet heiter det at dei mest innovative bedriftene har leiarar som er opne og nysgjerrige med eit breitt internasjonalt nettverk.

Eric Brun leier eit anna prosjekt som handlar om tvitydigheit og viktigheiten av tolke informasjon på fleire måtar. Bedrifter som utviklar nye produkt vil ofte oppleve former for uvisse. Ved å behalde tvitydigheit i utviklingsprosessen har ein fleire alternativ tilgjengeleg. Brun si forsking, som mellom anna er basert på simulering, viser at toleranse for tvitydigheit har ein positiv effekt produktutvikling.

- I senteret har vi ambisjonar om å skape dialog mellom vitskapleg forsking og inn avgjerdstakarar, det vil seie næringslivsleiarar, leiarar i offentleg sektor og politikarar. Vi skal reise dei mest sentrale spørsmåla i vår tid, der eit av dei viktigaste er korleis vi omstiller oljeøkonomien vår til berekraftig energi, forklarer Gjelsvik.

Les meir om Stavanger Innovation Summit (engelsk)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.07.2009)

Skriv ut artikkel print symbol