Strategisk handlingsprogram


Styret ved Universitetet i Stavanger fekk i går framlagt ei statusmelding for Strategisk handlingsprogram 2005-2009. Den viser stor aktivitetsauke i perioden.

Direktør Per Ramvi la fram tal som syner at det i fireårsperioden er etablert fire nye doktorgradsprogram. Talet på aktive doktorgradskandidatar har dobla seg, frå rundt 100 i 2005 til over 200 i 2009.

I same tidsrom har løyvingane til UIS frå EU og Forskingsrådet auka med ca. 33 millionar kronar, inkludert gåveforsterkningsmidlar.
Det er også etablert 12 nye masterstudier og fem nye bachelorprogram i perioden. Talet på studentar har auka med 400, dei fleste på masternivå.

Styret tok direktøren sin statusmelding til etterretning.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (12.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol