Mohsen Assadi leiar av CenSe


Mohsen Assadi (51) er tilsett som direktør for Senter for berekraftig energi (CenSe). Det vedtok styrets tilsettingsutval ved Universitetet i Stavanger torsdag.

Mohsen Assadi er allereie tilsett som professor ved UiS og har vore ein pådrivar bak CenSe. Han får no ansvaret med å byggje opp det nye senteret.
CenSe har fire eigarar – universiteta i Stavanger og Agder, samt forskingsinstitutta IRIS og Teknova. Forskarar frå desse institusjonane skal gå saman om å utvikla løysingar for berekraftig energi.

Utdanning frå Lund
Stillinga som senterleiar blei lyst ut i mars, og det kom inn 14 søknadar. Ettersom den føreslåtte kandidaten allereie var tilknytt Universitetet i Stavanger, blei det UiS-styret som fekk tilsettingssaka.
Mohsen Assadi er opphavleg frå Iran, men tok si høgre utdanning i Sverige. Han har ein mastergrad i energiteknikk ved Universitetet i Lund, kor han også tok ph.d.-graden innan Thermal Power Engineering og seinare blei professor. Mohsen har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og delteke i fleire prosjekt og komitear innan sitt fagområde.

Professor ved UiS
I 2007 blei Assadi tilsett som professor i naturgassteknologi ved Universitetet i Stavanger. Han er også tilknytt IRIS og Risavika Gas Centre.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (11.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol