UiS-studentar drar ut i verda


Fire studentar frå Universitetet i Stavanger har fått plass på Gründerskolen. Anett Stousland får nett no verdifull arbeidspraksis i Singapore.

– No har vi nett kome tilbake husværet etter fyrste dag i Singapore. I dag har vi vore på karrieresenteret på National University of Singapore, kor vi har lært om business og kultur i Asia. Resten av veka skal vi få presentert potensielle bedrifter vi kan jobbe for i løpet av opphaldet og konkurrere om å få dei beste jobbane, seier Stousland.
Ho studerer Samfunnstryggleik ved UiS og begynner på tredje semester når ho kjem heim i september. Heile sumaren skal ho ha tilhald på andre sida av kloden.

Fire studentar
– Vi skal jobbe fulltid og i tillegg gå to kveldar i veka på National University of Singapore. Der skal vi lære om såkalla ”technopreneurship” fram til slutten av august, fortel Stousland.
Gründerskolen er eit samarbeidsprosjekt mellom alle universiteta og ei rekkje høgskular i Noreg. Studiet, som gjer 30 studiepoeng, gjennomførast to gonger i året med opphald i utlandet om våren eller sommaren. Det fyrste kullet i 1999 bestod av seks studentar, mens det no er opp mot 150 studenter fra heile landet som deltek. Denne sumaren skal fire studentar sendas ut i verda frå Universitetet i Stavanger.

Business i Asia
Tidlegare studentar er den viktigaste marknadsføringskanalen for Gründerskolen. Anett Stousland er eit døme på det.
– Ein kjenning av meg var med på Gründerskolen for eit par år sidan og hadde mykje positivt å seie om opphaldet. Eg har lenge hatt lyst å ta eit semester i utlandet, og dette passa inn fordi eg kunne reise i sommarferien og ta studiet på normert tid, seier Stousland.
Ho håper å lære meir om businesskultur i Asia, noko ho ser på som ein fordel med tanke på arbeidsmarknaden.

Meir kvalifisert
– Eg ønskjer også å kome meg innafor olje/shippingsektoren, bli betre i språk, reise og bli flinkare i intervjusituasjonar generelt. Eg ønskjer meg også høve for ein jobb der det er reisemoglegheiter, og trur at eit utanlandsopphald kan gjere meg meir kvalifisert til dette, seier Anett Stousland.
 

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (11.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol