Andreas Grønneberg fekk Shellprisen


Årets Shellpris på 150.000 kroner går til tubaist Andreas Grønneberg (27) frå Sandnes.

Andreas Grønneberg gjekk på Lundehaugen vidaregåande skule før han i 2002 starta på Norges Musikkhøgskole med Torbjörn Kvist som sin hovedlærar.

Parallelt med sine diplomstudier 2006-2008 var han også stipendiat i Oslo Filharmoniske Orkester. Han har vikariert i dei fleste militærorkester i Noreg og vore solist med fleire elitekorps, Kringkastingsorkesteret og Forsvarets Stabsmusikkorps.

Han er no fast tilsett i Forsvarets Stabsmusikkorps og blir framleis leigd inn til Oslo Filharmoniske Orkester.

Studere vidare
Andreas Grønneberg har også gitt ei rekkje solokonsertar saman med tidlegare Shellprisvinnar Christian Ihle Hadland, klaver.

Andreas vil nytte prisen til vidare studier med to av verdas mest profilerte tubaister, Jens Bjørn Larsen (Hannover) og Rex Martin (Chicago).

I tillegg til prisen vil Shell gi Andreas Grønneberg moglegheit til å få laga ein presentasjons-CD til bruk i den internasjonale musikkmarknaden.

Oppfølgingsstipend
Årets Shellprisjury har vald å gi sopranen Christel Elisabeth Smith (26) eit oppfølgingsstipend på 75.000 kroner. Etter studier ved Institutt for musikk og dans ved Universitetet i Stavanger har ho studert ved Opera-Akademiet i København, kor hun denne våren tar sin avsluttande eksamen.

Christel har allereie debutert som Valencienne i Den glade enke på Operaen i København og har fått begeistra kritikkar for sine rolletolkingar i Opera-Akademiets oppsettingar. No ventar prøvesynging rundt om på ulike operahus og deltaking i internasjonale konkurransar.

Reisestipend
Den heilt unge fiolinisten Laurens Weinhold (15) får et reisestipend på 25.000 kroner. Dette vil han bruke til vidare studier ved Mozarteum i Salzburg. Han har tidlegare vunne ei rekkje nasjonale prisar og skal dette året også gi konserter i utlandet.

Prisvinnarkonsert blir halden i Sandnes kulturhus søndag 18. oktober klokka 18.00. Her vil publikum også få utdelt ein nyinnspela CD med årets prisvinner.

Samarbeid med UiS
Shellprisen, som er blant dei største musikkprisane i Noreg, er eit samarbeid mellom A/S Norske Shell og Institutt for musikk og dans ved Universitetet i Stavanger.

Meir opplysingar om Shellprisen, vinnarar og konserten kan du få hos Per Dahl, Institutt for musikk og dans, UiS. Telefon 5183 4064. Mob.90951436. Epost: per.dahl@uis.no
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (27.07.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Andreas Grønneberg, vinnar av Shellprisen 2009
Andreas Grønneberg vann Shellprisen for 2009.

Professor Per Dahl saman med reisestipendvinnar Laurens Weinhold (til venstre) og vinnar av Shell-prisen, Andreas Grønneberg.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER