Nytt nummer av UniverS


Det siste UniverS er ei spesialutgåve og vigd Universitetet i Stavangers FoU-rapport 2008. Her kan du lese om forskingsaktivitet på fakultet, institutt, sentre og Arkeologisk museum. I tillegg presenterer vi nokre av våre forskarar, samt IRIS og Prekubator. God lesing!

Som ei innleiing til FoU-rapporten legg forskingsdirektør Helge Ole Bergesen vekt på at Universitetet i Stavanger er avhengig av eit tett samarbeid med omgjevnaden for å lukkast. Han viser til fleire gode døme på slike.

I tillegg til diverse nøkkeltal og glimt frå forskingsåret 2008, kan du i denne utgåva lese om ny forsking frå Senter for atferdsforskning (SAF) som viser at sårbare born slit med å bli inkludert i skulen, både av medelevane og lærarane. Forskar Jarmund Veland ønskjer å skape ei betre forståing i skulen av korleis dei sårbare borna opplever skulekvardagen.

Gjennom ti år har Elin Dysvik studert korleis ho kan minska smerteopplevinga og forbetre livkvaliteten til kroniske smertepasientar. Ho har utvikla eit kurs kor dei tek i bruk fysisk aktivitet, undervisning og gruppesamtalar for å bryte den vonde sirkelen.

I ein annan artikkel presenterer vi professorane Mari Rege og Ola Kvaløy, to unge og aktive forskarar ved UiS. Rege har sidan 2002 studert nedbemanninga sin pris. Ho opplever at forskinga ho gjer, er ein del av samfunnsdebatten. Kvaløys studiar om psykologiske mekanismar bak økonomisk åtferd er også aktuelle i ei tid då alle snakkar om finanskrisa. Verken Rege eller Kvaløy er redde for å ta funna sine ut i samfunnet.

I ein anna artikkel i denne spesialutgåva presenterer vi eit særs spennande forskingsarbeid, kor ein av våre matematikarar spelar ei nøkkelrolle. Professor Sigbjørn Hervik har saman med kollegar i Canada, England og USA funne ein ny metode som skal erstatta strengteorien – som i likskap med andre teoriar ikkje er tilstrekkeleg når det gjeld å forklare korleis universet heng saman. Hervik og kollegane er i ferd med å finne fram til ein metode for å utvikle den såkalla teorien om alt.

Elles byr dette nummeret av UniverS på analysar omkring lesing i heim og skule, konstruksjonar av bruer og utgravingar av fortidas kulturminne – blant anna kan du lese om spor etter dei første menneskja som kom til Rogaland for 10 000 år sidan.

Les siste nummer av UniverS.

Sjå fleire nummer av UniverS.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (23.06.2017)

Skriv ut artikkel print symbol