2,4 millionar til skuleforsking


Universitetet i Stavanger skal gjennomføra to forskingsprosjekt innan spesialpedagogikk, på oppdrag frå Rogaland fylkeskommune.

Gjennom satsinga Utdanningsregion Rogaland har Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk fått kontraktar for to forskingsoppdrag for Rogaland fylkeskommune. Begge prosjekta har spesialpedagogisk fokus. Det eine dreier seg forsking kring læringseffekt og sysselsettingseffekt for elevar i særskilde tiltak. Det andre oppdraget er å utvikla og gjennomføra elevundersøking for elevar med omfattande hjelpebehov.

Ønskjer ny kunnskap
Professor Stein Erik Ohna ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk vil vera leiar for begge prosjekta, som til saman har ei ramme på nær 2,4 mill.kr.
Siktemålet med forskingsprosjektet Læringseffekt og sysselsettingseffekt er å finna ut kva tilbod som blir gitt til elevar i særskilde tiltak i vidaregåande opplæring, kva for faktorar som verkar inn på læringsutbyte deira og korleis sysselsettinga er etter avslutta utdanning. Det er gjort relativt lite forsking på kvalitet og læringseffekt knyta til denne elevgruppa. Tilboda blir definerte som Tilrettelagt opplæring med utvida praksis, eit tilbod som finst ved 14 vidaregåande skular i Rogaland. Fylkeskommunen ønskjer altså ny kunnskap om programkvalitet ved tilboda, kva som verkar og kvifor.

Analysera læringsmiljøet
Tittelen på det andre forskingsprosjektet er Elevundersøking i Rogaland - ei elevundersøking blant elevar som får opplæring i tiltak for Elevar med omfattande hjelpebehov. Konkret gjeld det fem avdelingar ved vidaregåande skular i Rogaland fylke, kor det i dag går om lag 25 elevar. Elevane ved dei aktuelle avdelingane har alvorleg og djup utviklingshemming, noko som inneber at dei ikkje kan formidla seg språkleg om læring og trivsel på skulen.
Målet er å utvikla og gjennomføra brukarundersøkingar i elevgruppa som kan hjelpa skuleeigar og utdanningsadministrasjonen til å analysera og utvikla læringsmiljøet til beste for elevane ved dei einskilde tilboda.
Begge prosjekta vil bli knyta til forskargruppa Utdanning og læring i skiftende institusjonelle kontekster ved IAS.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete frå lanseringa av forskingsavtalen. Frå venstre Reidun Angell og Arne Dybwad frå Rogaland fylkeskommune, deretter Stein Erik Ohna og Marike Bruin frå Universitetet i Stavanger.
Alle partar var nøgde då forskningsavtalen vart inngått offisielt fredag. Frå venstre Reidun Angell og Arne Dybwad frå Rogaland fylkeskommune, deretter Stein Erik Ohna og Marike Bruin frå Universitetet i Stavanger.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER