Internasjonale energiekspertar til Stavanger


Nobelprisvinnar Carlo Rubbia og vitskapsmann og politikar Ernst Ulrich von Weizsäcker kjem til Universitetet i Stavanger og konferansen ”Never the twain shall meet? International Conference on Energy and Sustainability”, 11. til 12. juni i Ø-130, Arne Rettedals hus. Bak konferansen står Vitenskapsakademiet i Stavanger.

Berekraftig energi er tema for Vitenskapsakademiets konferanse. Ei rekkje framifrå foredragshaldarar innan teknologi, forsking, samfunnsvitskap og filosofi vil rette blikket mot framtidas utfordringar innan energi, sosiale endringar og sosialt ansvar. Målgruppene omfattar forskarar, politikarar, industri- og samfunnsaktørar og studentar.

- Programmet for konferansen har eit langsiktig perspektiv. Det handlar om kva klimakonsekvensar våre energival får. Her trengst dei gode tekniske løysingane og evna til å sjå framover, seier preses Per A. Amundsen i Vitenskapsakademiet i Stavanger. Amundsen er professor ved Institutt for matematikk og naturvitskap ved UIS.

Til konferansen er det invitert foredragshaldarar med ekspertise innan alternative energikjelder og distribusjonsformer. Målet er å skape ein arena for internasjonale problemstillingar.

Nobelprisvinnar
Ein av foredragshaldarane er den italienske fysikaren Carlo Rubbia, som fekk Nobelprisen i fysikk i 1984 saman med Simon van der Meer. Rubbia er kjend for dei alternative kjernekraftløysingane sine, og står blant annan bak den thoriumbaserte Rubbiareaktoren. Denne er førebels ikkje teken i bruk, men har fått merksemd blant anna fordi den gir mindre mengder radioaktivt avfall. Den gjer det også vanskelegare å utnytte prosessen til å lage kjernevåpen.

Til konferansen kjem også den tyske vitskapsmannen og politikaren Ernst Ulrich von Weizsäcker. Han har mellom anna leia FN sitt senter for vitskap og teknologi i New York og Instituttet for europeisk miljøpolitikk i Bonn, og vore president for Institutt for klima, miljø og energi. Sida 1998 har han sete i det tyske parlamentet, der han dei siste åtte åra har vore formann for komitéen for miljø, naturforvaring og reaktortryggleik. Han er son av fysikar og filosof Carl Friedrich von Weizsäcker og nevøen til den tidlegare tyske presidenten Richard von Weizsäcker.

- Dei store spørsmåla
Leiar av programkomitéen, Maiken Ims, ser fram til toppmøtet på Ullandhaug. Ho er spesialrådgivar i Oljeindustriens landsforeining (OLF) og håper på mange deltakarar frå industri og samfunnsliv.

- Konferansen tek opp dei store spørsmåla knytte til energi og miljø. Dette er blant dei viktigaste problemstillingane i vår tid, seier Ims. På vegne av programkomitéen er ho stolt over nivået på det høge nivået på foredragshaldarar.

- Fagekspertane som blir samla i Stavanger i juni har det til felles at dei kan klargjere heilskapen på ein god måte, seier Ims.

Samfunnsmessig perspektiv
Hun framhever også konferansen sitt samfunnsmessige perspektiv og nemner i denne samanhengen tidlegare visegeneralsekretær i FN Jan Egeland, no NUPI-direktør, og æresdoktor ved UiS Egeland sitt foredrag vil handle om energiutvikling og fred.

- For detaljert energidebatt
Vitenskapsakademiet blei stifta då UiS fekk universitetsstatus i 2004. Målet er å vere ein møteplass for forsking og forskingsleiing. Konferansen er den andre i akademiet si historie.

- Noreg treng ein breiare energidebatt med fokus på moglegheiter. I dag blir det ofte for detaljert. Vi treng eit meir overordna fokus og evna til å diskutere langsiktige energiløysingar, meiner Amundsen.

Konferansen blir arrangert i samarbeid med OLF, IRIS og Rogaland fylkeskommune.

Vitenskapsakademiet i Stavanger har rundt 100 medlemer og består hovudsakleg av forskarar og forskingsleiarar i bedrifter. Akademiet arrangerer om lag fire opne møte i halvåret på Arkeologisk museum.

Påmelding og meir informasjon

 


Sist oppdatert av (11.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol