Kinesarar fekk vitnemåla sine i Stavanger


22 kinesiske masterstudentar i reiselivsleiing ved UiS fekk utlevert vitnemåla sine denne uka. Dei hadde reist rundt halve jorda for å delta i seremonien.

Dei siste to åra har Norsk hotellhøgskole – institutt for økonomi og leiing hatt ein ”filial” i Beijing. Her har 33 kinesarar fått undervisning i serviceleiing. Alle studentane har leiarstillingar på store, statlege hotell i Beijing, eller undervisar i hotelleiing sjølv.
Det unike studietilbodet har brukt tilnærma same pensum som blir undervist på Ullandhaug, men det har vore tilrettelagt for kinesiske forhold og sjølvsagt omsett til kinesisk. Norske forelesarar har i fleire omgangar reist til Kina for å gi undervisning.
Undervegs har begge partar gjort mange interessante erfaringar. Ikkje minst har det vore spennande at kurset byggjar på vestleg filosofi om leiing og service, eit ganske framandt tankegods for dagens kinesarar.

Stor høgtid
Det er fyrste kull med kinesiske mastergradsstudentar som no er uteksaminerte ved UiS. Alle bestod, med gjennomsnittleg noko betre karakter enn dei norske studentane. Dei kunne sjølvsagt fått vitnemåla sine sendt til Beijing. Likevel valde 22 av dei å reise til Stavanger for å bli offisielt uteksaminert på lærestaden sin campus.
Det var stor høgtid då ein kappekledd Marit Boyesen overleverte vitnemålet til kvar enkelt student. Då hadde dei hatt ein heil dag med omvisning i Stavanger generelt og på Ullandhaug spesielt.

Gode erfaringar
Erfaringane er gode etter at fyrste kull i Beijing er uteksaminert. Både samarbeidspartnaren Beijing Institute of Tourism og UiS sine førelesarar har gitt gode tilbakemeldingar på undervisningsopplegget. Samarbeidet om masterprogrammet har også hatt ein sideeffekt i form av to pågåande forskingsprosjekt og doktorgradssamarbeid.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (27.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Marit Boyesen saman med kinesisk student som har fått vitnemålet sitt.
Marit Boyesen delte ut 22 vitnemål til kinesiske studentar i serviceleiing måndag ettermiddag.
UiS-representantar og kinesiske studentar samla rundt eit bord på UiS.
Studentar og samarbeidspartnarar frå Kina blei godt mottekne då dei vitja Universitetet i Stavanger.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER