Drama som konfliktløysar


Dramastudentar frå UiS var i dag på Sandnes læringssenter med fire forestillingar som høyrer til prosjektet ”Fra innvandrer til medborger”. Framsyningane er pensum i Drama 2-studiet; 60 studiepoeng og tek utgangspunkt i dramatikaren Augusto Boal sin teatermetode ”De undertryktes teater” som òg er kjend som Forum teater.

Det er ein teaterform som har sett spor etter seg på verdsbasis. No har UiS teke tak i forma saman  i eit EU-prosjekt der UiS er ein partnar saman med sju andre nasjonar.

- Framsyningane er eit samarbeid mellom Sandnes læringssenter og UiS og involverer asylsøkjarane på senteret, seier prosjektleiarne universitetslektor Karin S. Bjerkestrand og førstelektor Anna S. Songe-Møller ved Institutt for allmennlærerutdanning og spesialpedagogikk.

- Lærarstudentane våre er både skodespelarar og regissørar, men det viktige er at elevane ved Sandnes læringssenter òg er med som skodespelarar.

Asylsøkjarene må ha eksamen i norsk og samfunnsfag som eit grunnlag for å søkja om opphaldsløyve. Å vera skodespelar og spela teater saman med våre studentar er ein god praksis.

Dramastudentane som er med i år har lærarutdanning, barnevernutdanning, IKT-utdanning eller kjem rett frå vidaregåande skule.

- Forum teater er ein unik form der ein bruker teater som konfliktløysar, seier prosjektleiarne Elevane frå læringssenteret diskuterer gjennom problemstillingane og tek del i framsyningane som skodespelare. Det gjer at det er høg grad av spontanitet.  Replikkar blir teke på sparket.

Tema for framsyningane på Sandnes er fire undertrykkingssituasjonar i butikk, på buss, hos advokat og i skulen.

- Det er til dømes i slike situasjonar at asylsøkjare føler seg undertrykt, seier Anna Songe-Møller. Bodskapet er at dei undertrykte må sjølve stoppa undertrykkinga og ikkje ta att.. Dei må læra seg ein strategisk tenkjemåte og ikkje sjølv svara med undertrykking. 

- Ein tilsvarande framsyning er tidlegare spela på St. Johannes læringssenter, og der var det  stort engasjement i salen, seier Karin S. Bjerkestrand.

Tekst: Egil Rugland

 

 

 

 


Sist oppdatert av (12.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Anna Songe-Møller, t.v., og Karin S. Bjerkestrand, UiS, er prosjektansvarlege for framsyninga "Fra innvandrer til medborger".

Frå framsyninga i Sandnes læringssenter med skodespelarar frå UiS og læringssenteret.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER