Topp kvalitet på UiS


Ein komité satt ned av NOKUT har evaluert Universitetet i Stavanger sitt kvalitetssystem og vil innstille positivt til NOKUT-styret. Systemet tilfredsstiller krava som er satt for et universitet.

Ein lyttande, innovativ organisasjon med nøgde studentar og gode kvalitetssystem for å evaluera utdanninga. Det er den tilbakemeldinga etter at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga – NOKUT – har sett lupa på Universitetet i Stavanger.
– Me oppfyller myndigheitene sine krav til fulle. NOKUT meinar at me er, og kjem til å fortsetta å vera, eit innovativt universitet. Leiaren i komiteen sa at me for all del ikkje må prøva å bli som Universitetet i Oslo, men heller fortsetta å dyrka særpreget vårt. Dette er ei svært gledeleg tilbakemelding, seier rektor Aslaug Mikkelsen.

Første gjennomgang
NOKUT skal evaluera kvalitetssystemet ved alle institusjonar innan høgre utdanning kvart sjette år. Dette var dermed den første gjennomgangen av UiS sidan dei gav institusjonen universitetsstatus i 2004.
I 2003 fekk alle institusjonane i Noreg krav om å ha eit kvalitetssystem. Høgskulen i Stavanger var den andre institusjonen i Noreg som fikk evaluert sitt nye system i 2003. Systemet blei godkjent av NOKUT-styret i januar 2004. No har NOKUT begynt på andre runde i reevalueringen av kvalitetssystema, og UiS er fyrste institusjonen ut i reevalueringsrunden.

Komité på fire
Ein komité på fem personar frå institusjonar i universitets- og høgskolesektoren i Noreg og andre nordiske land, inklusiv ein representant frå studentane, granska institusjonen sine kvalitetssystem nøye i tre samfulle dagar. NOKUT-komiteen hadde 13 intervjuer med 74 personar frå ulike hold i organisasjonen, inklusive studentane. Hadde komiteen funne store manglar, kunne det i aller verste fall ført til at UiS mista universitetsstatusen.
Førre fredag ettermiddag avslutta det statlege organet si evaluering. Komiteen gav då klårt uttrykk for at den vil gje ein positiv innstilling til NOKUT-styret. UiS vil først få ein rapport frå komiteen som UiS skal lese gjennom for sjekking av faktafeil. Så sendes rapporten vidare til NOKUT-styret for endeleg behandling, mest sannsynleg på første styremøte i NOKUT etter ferien.

Lyttande
NOKUT-komiteen visar at studentane er nøgde og kjenner seg tatt med på råd av institusjonen. Dei er lojale overfor leiarane og kvalitetssystemet på UiS. NOKUT-komiteen seier at dialogen mellom komiteen på den eine sida og studentar og tilsette på den andre sida er prega av openheit og ærlegdom, noko dei er spesielt nøgde med. Studentane opplevar institusjonen som lyttande, men ønskjar tydelegare gjennomslag for sine innspel og tilbakemeldingar.
Doktorgradsprogramma var tema for andre dag av komiteens besøk. Komiteen har i sin munnlege tilbakemelding til leiinga siste dag gitt uttrykk for at doktorgradsutdanninga ikkje bør inkluderas i kvalitetssystemet, da dette i hovudsak dreier seg om forsking.

Berre positivt
Då leiinga ved UiS skulle illustrera kvalitetssystemet gjennom eit ”best practice”-døme, brukte dei bachelorutdanninga på førskolelærarstudiet. Det slo godt an.
– Dei blei imponerte over systemet og dokumentasjonen vi la fram. Me fekk utelukkande positiv tilbakemelding på intervjua, seier Tom Klemetzen, kontorsjef ved avdeling for økonomi- og verksemdstyring, som har vore sentral i høve til dette arbeidet.
NOKUT-komiteen bestod av følgjande personar: Leiar Hanne Kathrine Krogstrup (Aalborgs Universitet), Solveig Cornér (Universitetet i Helsinki), Tore Vånge (student ved HiST), Anne Welle Strand (Handelshøyskolen BI) og Frode Eika Sandnes (Høgskolen i Oslo).


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (19.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol